Sjøtroll Havbruk
Utsjånad
| Sjøtroll Havbruk | |||
| | |||
| MS «Nuen» er eit av fartøya som vert nytta av Sjøtroll i verksemda deira langs fiskeoppdretta rundt Austevoll. Foto: Marius Vassnes, 2021 | |||
| Org.form | Aksjeselskap | ||
|---|---|---|---|
| Org.nr. | 929363833 | ||
| Bransje | Fiskeoppdrett | ||
| Skipa | 2. juni 1980 | ||
| Eigenandel i | MS «Nuen», MS Trollsøy, MS Ospøy, MS «Lunnøy», MS «Hevrøy», MS «Trollbas», MS «Trollholmen», MS Lerøy Triton | ||
| Hovudkontor | Bekkjarvik | ||
| Land | Noreg | ||
| Dagleg leiar | Nina Møgster[1] | ||
Sjøtroll Havbruk er eit norsk selskap som baserer seg på fiskeoppdrett i Hordaland. Det har base i Bekkjarvik på Selbjørn i Austevoll kommune. Selskapet vart stifta i 1980.[2]
Møgsterfamilien på Austevoll satsa på havfiske og oppretta det første fiskeoppdrettsanlegget sitt i 1970-åra. I 1990 vart oppdrettsverksemda samla under namnet Sjøtroll. Selskapet har i dag 22 matfiskanlegg frå Sveio kommune i sør til Osterfjorden i nord. I tillegg har selskapet seks settefiskanlegg og tre foredlingsanlegg. Foredlingsanlegga ligg i Brandasund i Bømlo kommune, Reksteren på Tysnes kommune og på Sotra.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Nina Møgster overtar roret i Lerøy Sjøtroll»; kortnamn på forfattar: Stian Olsen; språk på verk eller namn: bokmål; utgjevingstidspunkt: 22. juni 2018; vitjingsdato: 5. august 2023.
- ↑ «Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret - Brønnøysundregistrene», w2.brreg.no, henta 6. juli 2021