Skeise-VM 1952 for menn
Verdsmeisterskapen på skeiser 1952 for menn vart avvikla på Hamar stadion laurdag 1. og sundag 2. mars 1952. 30 utøvarar frå 10 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå arrangørlandet Noreg.
Norske Hjalmar Andersen vart verdsmeister for tredje året i rad. På dei neste plassane kom finlendaren Lassi Parkkinen og norske Ivar Martinsen. Hjallis Andersen var suverent best både på 5 000 meter og 10 000 m. Ken Henry frå USA vann 500-meteren og Wim van der Voort frå Nederland gjekk fortast på 1500 m.
Skeise-VM 1952[endre | endre wikiteksten]
Plass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
![]() |
Hjalmar Andersen | ![]() |
193,722 |
![]() |
Lassi Parkkinen | ![]() |
195,948 |
![]() |
Ivar Martinsen | ![]() |
196,518 |
4 | Kees Broekman | ![]() |
197,148 |
5 | Roald Aas | ![]() |
197,603 |
6 | Kornél Pajor | ![]() |
197,623 |
7 | Anton Huiskes | ![]() |
198,135 |
8 | Carl-Erik Asplund | ![]() |
198,905 |
9 | Sigge Ericsson | ![]() |
199,630 |
10 | Kazuhiko Sugawara | ![]() |
199,925 |
11 | Sverre Haugli | ![]() |
200,383 |
Dato: 1./2. mars 1952
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Wereldkampioenschap schaatsen allround mannen 1952» frå Wikipedia på nederlandsk, den 3. januar 2021.