Skeise-VM 1986 i sprint-firkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen 1986 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla laurdag 22. og sundag 23. februar i Karuizawa i Japan. Meisterskapen var den 17. i sprint-firkamp. 62 utøvarar, 33 karar og 29 kvinner, deltok i meisterskapen.

Fjorårsvinnar Igor Zjelesovskij frå Sovjetunionen vart verdsmeister for andre gong. Han sigra på begge 1000-meterane. Akira Kuroiwa frå Japan var bestemann på den fyrste 500-meteren, Dan Jansen frå USA på andre. Karin Enke frå Aust-Tyskland vann dei tre fyrste distanseløpa og vart verdsmeister i sprint for femte gong. Landskvinna Angela Stahnke vann den avsluttande 1000-meteren.

Verdsmeisterskapen 1986 i skeise-sprint/Menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Igor Zjelesovskij  Sovjetunionen 149,085
Sølv Dan Jansen  USA 149,595
Bronse Akira Kuroiwa  Japan 150,810
4 Nick Thometz  USA 151,075
5 Uwe-Jens Mey  Aust-Tyskland 151,160
6 Yukihiro Mitani  Japan 152,080
7 Sergej Fokitsjev  Sovjetunionen 152,130
8 Geert Kuiper  Nederland 152,715
9 Makoto Hirose  Japan 152,880
10 Kimihiro Hamaya  Japan 152,990
11 Konstantin Kudrjatsjev  Sovjetunionen 153,000
12 Guy Thibault  Canada 153,610
13 Gaétan Boucher  Canada 153,730
14 Frode Rønning  Noreg 153,985
15 Mike Richmond  Australia 154,125

Dato: 22./23. februar

Verdsmeisterskapen 1986 i skeise-sprint/Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Karin Enke  Aust-Tyskland 160,060
Sølv Christa Rothenburger  Aust-Tyskland 162,720
Bronse Bonnie Blair  USA 163,695
4 Seiko Hashimoto  Japan 163,815
5 Angela Stahnke  Aust-Tyskland 164,300
6 Andrea Mitscherlich  Aust-Tyskland 164,850
7 Natalija Kurova  Sovjetunionen 165,860
8 Monika Pflug  Vest-Tyskland 166,575
9 Edel Therese Høiseth  Noreg 167,640
10 Erwina Ryś-Ferens  Polen 168,485
11 Shoko Fusano  Japan 168,490
12 Irina Kovrova  Sovjetunionen 168,555

Dato: 22./23. februar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]