Skeise-VM 1989 i sprint-firkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen 1989 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla laurdag 25. og sundag 26. februar i Heerenveen i Nederland. Meisterskapen var den 20. i sprint-firkamp. 65 utøvarar, 35 karar og 30 kvinner, deltok i meisterskapen.

Igor Zjelesovskij frå Sovjetunionen vart verdsmeister for tredje gong med verdsrekordsiffera 145,945. Laurdagen vann han begge distansane, sette verdsrekord og presterte livsbeste 1.12,58 på 1000 meter. Sundagen sigra austtyske Uwe-Jens Mey på 500 m og Zjelesovskij på 1000 m. Bonnie Blair frå USA vart verdsmeister i kvinneklassa, etter å ha vunne begge 500-meterane. Fjorårsmeisteren Christa Rothenburger frå Aust-Tyskland sigra på dei to 1000-meterane.

Verdsmeisterskapen 1989 i skeise-sprint/Menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Igor Zjelesovskij  Sovjetunionen 145,945
Sølv Uwe-Jens Mey  Aust-Tyskland 146,770
Bronse Andrej Bakhvalov  Sovjetunionen 147,285
4 Dan Jansen  USA 147,390
5 Nick Thometz  USA 148,130
6 Ki-Tae Bae  Sør-Korea 148,135
7 Eric Flaim  USA 148,610
8 Guy Thibault  Canada 148,660
9 Andre Sobeck  Aust-Tyskland 148,785
10 Yasushi Kuroiwa  Japan 149,130
11 Hozumi Moriyama  Japan 149,365
12 Jan Ykema  Nederland 149,525

Dato: 25./26. februar

Verdsmeisterskapen 1989 i skeise-sprint/Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Bonnie Blair  USA 159,435
Sølv Christa Rothenburger  Aust-Tyskland 159,600
Bronse Seiko Hashimoto  Japan 162,395
4 Ingrid Haringa  Nederland 163,560
5 Christine Aaftink  Nederland 163,675
6 Song Hwa-seon  Nord-Korea 163,920
7 Shelley Rhead  Canada 164,000
8 Monique Garbrecht  Tyskland 164,725
9 Yoo Seon-hee  Sør-Korea 164,830
10 Emese Hunyady  Austerrike 164,880
11 Zofia Tokarczyk  Polen 165,385
12 Herma Meijer  Nederland 165,420
13 Heike Pöhland  Tyskland 165,765
14 Shiho Kusunose  Japan 166,380
15 Edel Therese Høiseth  Noreg 166,480

Dato: 25./26. februar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]