Slaget ved Staffarda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slaget ved Staffarda
Del av niårskrigen
Victory of Staffarda 1690.png
Sigeren i Staffarda av Jean Baptiste Morret
Dato 18. august 1690
Stad Staffarda, Piemonte
Resultat Fransk siger
Partar
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike Savoie flag.svg Hertugdømet Savoie,
Flag of Cross of Burgundy.svg Spania
Kommandantar
Flagget til Frankrike Nicolas Catinat Flagget til Savoie Hertugen av Savoie
Styrkar
12 000[1] 18 000
Tap
2 000 drepne / skadde[2] 2 800 drepne / skadde
1,200 tekne til fangar

Slaget ved Staffarda vart utkjempa under niårskrigen i Piemonte-Savoie, nord i dagens Italia, den 18. august 1690. Hendinga var det første store møtet på den italienske krigsskodeplassen sidan Victor Amadeus, Hertugen av Savoie, hadde gått inn i Storalliansen mot Frankrike tidlegare på året. Slaget vart ein klår siger for den franske kommandanten Nicolas Catinat, som etterpå tok andre festningsbyar i Piemonte. Franskmennene tok òg over det meste av Hertugdømet Savoie, men på grunn av sjukdom, mangel på infanteri og problem med å få forsyningar, klarte ikkje Catinat å kringsette hovudstaden til Amadeus, Torino som kong Ludvig XIV hadde håpa på.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1690 var niårskrigen inne i det tredje året sitt. Den største delen av styrkane på begge sider av krigen var oppteken i Dei spanske Nederlanda. Langs Rhinen - der krigen viste seg å ikkje bli meir avgjerande enn det nederlandske felttoget - sette dei tyske fyrstane inn mesteparten av soldatane sine mot Frankrike. Det eine området der dei allierte håpte på å tvinge open ei dør inn i Frankrike, var i Italia.[3]

Områda til Victor Amadeus II, hertug av Savoie, var delte inn i fleire fråskilde område: grevskapet Nice, Hertugdømet Savoie, Hertugdømet Aosta og fyrstedømet Piemonte. Nice låg i regionen ved Middelhavet der Alpane møter havet, Savoie låg i regionen der Alpane grensar til den franske provinsen Dauphiné og Piemonte, med hovudstaden Torino og den viktigaste og mest folkerike regionen, knytte fjella til Podalen.

Kong Ludvig XIV tenderte til å rekne Savoie som ein del av sitt område, og trass i at Amadeus prøvde å halde på sjølvstendet sitt, var han ikkje noko meir enn ein vasall som vart tvungen til å følgje ønska til den franske kongen. Sjølv før krigen braut ut hadde Ludvig sendt styrkar inn i Italia og hadde kontroll over festningane Pinerolo i vest, som vart annektert av Frankrike femti år tidlegare, stikk i strid med freden i Cherasco i 1631, og i aust i Hertugdømet Montferrat, festninga Casale, som franskmennene tok i 1681 etter Ferdinand Karl, hertugen av Mantova, overgav festninga til Ludvig i byte mot ei betaling på 1 000 000 livres og ei årleg utbetaling på 60 000 livres.[4]

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

I starten av 1690 hadde ikkje Amadeus enno gått imot Ludvig. Sjølv om den vesle armeen hans (8 000 mann i starten av 1690)[5] berre førte til fransk forakt, forstod Ludvig at han måtte halde Savoie nær seg. Franskmennene ignorerte Amadeus sine ønske om sjølvstyre og søkte garantiar og kom med eigne krav til hertugen. Amadeus skulle anten sende 2 000 infanteristar og tre dragonregiment for å assistere dei franske styrkane i Dei spanske Nederlanda – nesten halve armeen hans - eller så skulle han slå styrkane sine saman med styrkane til Nicolas Catinat for eit åtak på det spanske hertugdømet Milano. Han skulle òg gje citadellet i Torion til Catinat og vidare ned Po og Verrua. Om han ikkje gjorde dette ville han i følgje Louvois «bli straffa så hardt at han ville hugse det for resten av livet sitt.»[6]

Dei franske krava til hertugen var ikkje noko mindre enn eit åtak på sjølvstendet til Savoie, men trugselen verka mot viljen sin.[6] Tidleg på sommaren 1690 skjønte Amadeus at han måtte stå opp mot Frankrike og han byrja å sjå mot Storalliansen. Men han hadde vilkår. Amadeus gjentok familiekravet om hertugdømet Montferrat, som Huset Savoie i fleire år hadde krangla med hertugen of Mantova om, og fastsette at ei rasering av Casale var det minste han ville aksepterte i denne regionen. Han gjorde òg krav på å få attende Pinerolo som eit sine qua non for at Savoie skulle gå inn i krigen på den allierte sida, og ønskte i tillegg å ta minst ein fransk stad i Dauphiné.[6] Dei hektiske førebuingane til Amadeus for krigen og forhandlingane hans om økonomisk støtte frå England og Spania, vart etterfølgd av ei krigserklæring mot Frankrike den 4. juni.[6]

Slaget[endre | endre wikiteksten]

I 1690, var områda til Victor Amadeus II, Hertugen av Savoie, hovudsakleg delt inn i fleire område: Nice, Savoie og Piemonte, med hovudstaden Torino.

I juli tok Catinat kommando over dei franske styrkane i Piemonte, med totalt 12 000 mann. Amadeus, hadde samstundes fått 10 000 spanske soldatar i forsterkingar[7] frå det spanske området Milano, og fekk òg lovnad om 5 000 keisarsoldatar under Eugane av Savoie, syskenbarnet til Amadeus.[7] I tillegg tok det protestantiske samfunnet til Amadeus, valdensarane, som tidlegare hadde vorte forfølgd av både Ludvig og Amadeus, men som sidan hadde vorte forlikt med hertugen, til våpen for å forvare dalane sine.[8]

Ludvig var fast bestemt på å straffe Amadeus, og gav Catinat ordre om å bruke styrken sin til å brenne og skattlegge store delar av fjellområda i Savoie og slettene i Piemonte. Då dei lokale bøndene prøvde å ta hemn vart alle som vart funnen med våpen hengd.[9] Marquis de Feuquieres, som Catinat sendte med 1200 soldatar til Luserna vart slått kraftig attende og tvungen til å forlate byen med 600 mann mindre.[10]

Medan armeen til Catinat manøvrerte på den piemontesiske sletta tok Marquis de St. Ruth det meste av det utsette hertugdømet Savoie, berre den mektige festninga Montmélian, mindre enn 60 km nord for Grenoble, vart verande under hertugen. Sjølv om Savoie var langt mindre viktig enn Piemonte var tapet eit stort tilbakeslag for Storalliansen, og gjorde ein invasjon av Frankrike no mindre truleg.[6] I eit desperat forsøk på å stoppe øydelegginga og truinga, insisterte Amadeus – mot rådet til Eugane – på å gå mot franskmennene med sine eigne og spanske soldatar. Amadeus trudde at Feuquieres var tapt, og ønskte å ta franskmennene medan dei var svake, så han forlet leiren sin i Villafranca for å angripe og overgje Catinat.[10]

Catinat forlet leiren sin i Cavour og marsjerte sør for å ta Saluzzo då Amadeus avskar han. Dette førte til eit slag ved klosteret Staffarda den 18. august. Myrene og hekkane gjorde det vanskeleg å flytte seg rundt på slagmarka og verna linja til Savoie, men dei franske soldatane klarte til slutt å bryte armeen til Amadeus.[10] Berre Eugene sin kommando av kavaleriet til Savoie og gjerningane hans redda den allierte armeen frå katastrofe.[9] Amadeus tapte 2 800 mann og 1200 vart tekne til fange. Han tapte òg 11 av 12 kanonar. Catinat tapte kring 2 000 soldatar.[11]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Catinat tok så Saluzzo, Savigliano og Fossano.[6] Fleire av områda til Amadeus vart underlagt franskmennene og byane som Amadeus gav ordre om å ikkje betale - som Ceresole og Autrive – vart sett i brann.[12] Då keisarsoldatane til Eugene til slutt nådde fram i Piemonte vart det lite dei kunne gjere på grunn av nølinga til dei motvillige spanjolane.[9] Keisarkommandanten måtte nøye seg med små raid mot fienden. I ei slik hending i september det året klarte ikkje Eugene å hindre mennene sine - som var vande med brutaliteten i den store tyrkiske krigen – i å kastrere og så ta livet av 200 franske fangar.[9]

Catinat heldt fram til Susa, ei stor festning som kontrollerte kommunikasjonen til Briançon i Dauphiné og opna grøfter der den 11. november. Skansen kapitulerte to dagar seinare. Håpet om å ta Torino og ta Asti-regionen og det søraustlege Piemonte for å tilslutte seg til Casale måtte utsettast på grunn av forsyningsproblem og sjukdom i armeen.[6] Franskmennene, som ikkje kunne leve på ressursane i det øydelagde Piemonte, vart derfor tvungen til å ha vinterkvarter i Savoie, Dauphiné og Provence. Styrkane til Eugene slo leir i Montferrat, noko som hissa opp den franskstøttande herskaren der, hertugen av Mantova.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chandler: The Art of Warfare in the Age of Marlborough, s. 302. All statistics taken from Chandler.
  2. Lynn skriv kring 1 000 tilkomne
  3. McKay & Scott: The Rise of the Great Powers 1648–1815, s. 49
  4. Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 164
  5. Storrs: War, Diplomacy and the Rise av Savoie, 1690–1720, s. 25. 6,800 infantry; 1,290 cavalry and dragonar
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Rowlands: Ludvig XIV, Vittorio Amedeo II and French Military Failure in Italy, 1689-96.
  7. 7,0 7,1 Henderson: Prince Eugen av Savoie, s. 30
  8. Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 211
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 McKay: Prince Eugane av Savoie, s. 33
  10. 10,0 10,1 10,2 Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 213
  11. Chandler: The Art of Warfare in the Age of Marlborough, s. 302
  12. Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 214
  13. McKay: Prince Eugene of Savoie, s. 34