Slangeørn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slangeørn
Slangeørn
Slangeørn
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigOmtrentleg geografisk utbreiing av slangeørn ██ Berre hekking ██ Standfuglar ██ Stopp under trekk ██ Overvintring
Omtrentleg geografisk utbreiing av slangeørn

██ Berre hekking ██ Standfuglar ██ Stopp under trekk ██ Overvintring

Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Haukefamilien Accipitridae
Slekt: Slangeørner Circaetus
Art: Slangeørn C. gallicus
Vitskapleg namn
Circaetus gallicus

Slangeørn (Circaetus gallicus) er ein middels stor medlem av haukefamilien Accipitridae, som også inkluderer mange andre dagrovfuglar som glentar, våkar og haukar. Hekkeområdet er i Nordvest-Afrika, i Sør-Europa, austover gjennom sørvestre Russland og delvis i Sentral-Asia. Overvintringsområdet er i Afrika sør for Sahara. Standfuglar lever på det indiske subkontinentet og på Sundaøyane. Ho er ein av seks artar i slekta Circaetus, dei andre fem har leveområda sine i Afrika.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Slangeørna vart formelt skildra i 1788 av den tyske naturforskaren Johann Friedrich Gmelin som plasserte slangeørna saman med falkar, ørn og slektningar i slekta Falco og skapte det binomiale namnet Falco gallicus.[1] I dag er slangeørna typearten i slekta Circaetus etter Louis Pierre Vieillot, 1816.[2] Slektsnamnet er frå den antikke greske kirkos, ein type «hauk», og aetos, «ørn». Det spesifikke epitetet gallicus er latin for «Gallia», dvs. Frankrike.[3]

To underartar er anerkjende:[4]

  • C. g. gallicus (Gmelin, JF, 1788) - Sørvest-Europa til Sentral-Asia, nordvest i Kina og India
  • C. g. sacerdotis Ng, NSR, Christidis, Olsen, Norman & Rheindt, 2017 – Aust-Java, Bali og Lombok til Timor (Dei små Sundaøyane)[5]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein relativt stor art i slekta, og større enn til dømes fiskeørn, vaksne er 62 til 70 cm lange med eit 166 til 188 cm vengjespenn, ei gjennomsnittleg vekt for arten er omtrent 1,7 kg. Eit kjenneteikn er den hovudsakleg kvite undersida, oversida er brun. Strupen, halsen og øvre bryst er bleik, jordbrun. Halen har 3 eller 4 tverrstriper. Ytterlegare indikasjonar er eit ugleliknande avrunda hovud, oransje gule auge og fine, mørke spraglete tverrstriper under den kvite vengen.[1][6]

Slangeørna bruker meir tid på vengene enn dei fleste andre i slekta. Ho føretrekkjer å krinse over bakkeskråningar og bakketoppar i stigningar, og ho driv mykje av jakta frå denne posisjonen i høgder vanlegvis 20-100 meter over bakken. Når ho held til over ope land, «stiller» ho ofte som ein tårnfalk.[7] Når slangeørna glideflyg, gjer ho det på flate venger.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein art i «den gamle verda» som hekkar i Spania og Sør-Frankrike, heile Middelhavsbassenget, Aust-Europa frå Balkan til Estland, inn i Russland og Midtausten, og deler av Vest-Asia, og i det indiske subkontinentet og også lenger aust på Sundaøyane.

Dei som lever på nordsida av Middelhavet og andre delar av Europa trekker hovudsakleg til Afrika sør for Sahara nord for ekvator, og dreg sørover i september-oktober og returnerer i april-mai.[8] Populasjonen på Sundaøyane er standfuglar. I Europa er slangeørna mest talrik i Spania der ho er ganske vanleg, men andre stader er den sjeldan i mange delar av området. I Noreg er det kun registrert fem godkjente observasjonar i perioden 2000-2024.[9]

Slangeørna finst over opne, dyrka sletter, tørre steinete lauvfellande krattområde og ved utkanten av halvørkenområde.[10] Kravet til habitata er dessutan at der finst eigna tre til å bygge reir i.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Byttedyr for slangeørn er for det meste reptil, hovudsakleg slangar, men også nokre øgler. Nokre gonger jaktar dei på små pattedyr opp til storleiken på ein kanin, meir sjeldan fuglar og store insekt.[1]

Denne arten er generelt lite støyande, men nokre gonger gjev slangeørna ei rekkje musikalske plystretonar.

Kullet er på berre eitt egg. Levealderen kan vere opptil 17 år.

Slangeørna har hatt ein kraftig nedgang både i storleik på populasjon og i utbreiing i Europa og er no sjeldan og stadig minkande i fleire land på grunn av endringar i jordbruk og arealbruk.[7] I den midtre og fjerne austlege delen av utbreiingsområdet er denne arten enno ikkje trua.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Orta, J., G. M. Kirwan, og E. F. J. Garcia (2020). Short-toed Snake-Eagle (Circaetus gallicus), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.shteag1.01
  2. Vieillot, Louis Pierre (1816). Analyse d'une Nouvelle Ornithologie Élémentaire (på fransk). Paris: Deterville/self. s. 23. 
  3. Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 108, 170. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  4. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (januar 2024). «IOC World Bird List Version 14.1, Master lists». International Ornithologists' Union. Henta 27. mars 2024. 
  5. Ng, N.S.R.; Christidis, L.; Olsen, J.; Norman, J.; Rheindt, F.E. (2017). «A new subspecies of Short-toed Snake-eagle from Wallacea determined from morphological and DNA comparison». Zootaxa 4358 (2): 365–374. doi:10.11646/zootaxa.4358.2.9. 
  6. Svensson, Lars (1999). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal fakta. s. 82. ISBN 8205255547. 
  7. 7,0 7,1 Bakaloudis, D.E. (2010). «Hunting strategies and foraging performance of the short-toed eagle in the Dadia-Lefkimi-Soufli National Park, north-east Greece». Journal of Zoology 281: 168–174. doi:10.1111/j.1469-7998.2010.00691.x. 
  8. Bakaloudis, D.E.; C. Vlachos; G. Holloway (2005). «Nest spacing and breeding performance in Short-toed Eagle Circaetus gallicus in northeast Greece». Bird Study 52 (3): 330–338. doi:10.1080/00063650509461407. 
  9. «Søk i artsobservasjoner». Artsdatabanken. Henta 19. april 2024. 
  10. Bakaloudis, D.E.; C. Vlachos; G.J. Holloway (1998). «Habitat use by short-toed eagles Circaetus gallicus and their reptilian prey during the breeding season in Dadia Forest (north-eastern Greece)». Journal of Applied Ecology 35 (6): 821–828. doi:10.1111/j.1365-2664.1998.tb00001.x. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]