Sleipne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Sleipner (fleirtyding)
Odin rir inn i Valhall på hesten sin, Sleipner

Sleipne (Sleipner eller på norrønt Sleipnir) er i den norrøne mytologien hesten til Odin. Sleipne er ein svart hingst med åtte bein, og er den snøggaste hesten i verda.

Det er berre Odin som kan ri Sleipne. Hesten spring like godt over vatn som på landjorda og i lufta. Sleipne skal kunna springa over gjerdet til dødsriket Hel, ingen andre hestar kan gjera dette.

Sleipne er barn av hingsten Svadilfare og Loke då Loke skapt seg om til ei hoppe. I fylgje Gylfaginning skapa Loke seg om til ei hoppe for å lokka den store hingsten Svadilfare vekk frå arbeidet med å byggja muren kring Åsgard, slik at æsane vann veddemålet om kor fort det kunne gjerast.

Hesten Grane skal stamma frå Sleipne.

Kalla opp etter Sleipner[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sleipne