Smurfane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teikneserieskaparen Peyo (1928–1992) med tøydokker av Smurfane, seriefigurar han opphavleg skapte i 1958.
Foto: Erling Mandelmann, 1990

Smurfane, originalnamn Les Schtroumpfs (fransk) og Dei Smurfen (flamsk), er ein teikneserie for barn som blei skapt i 1958 av den belgiske teiknaren og manusforfattaren Pierre Culliford (1928–1992), kjend under signaturen Peyo. Smurfane er også namnet på figurane i serien og merkenamn for ei mengd populære spinoff-produkt og -seriar med desse, blant dei fleire barneplater gitt ut på 1970-talet, ein animert TV-serie produsert 1981–1990 og fire kinofilmar frå perioden 1965–2013.

Smurfestatue av Monique Mol i Middlekerke i Belgia.

Smurfane blir framstilt som ein flokk knøttsmå og identisk like skogdvergar med blå hud, kvit topplue og kvite strømpebukser. Dei bur i paddehattar i ein landsby i ein skog. Teiknestilen er i klassisk belgisk serietradisjon med morosame, barnevennlege figurar med store auge og klumpenasar, spenstig tusjstrek og klare fargeflater. Smurfane byttar ut mange ord med «smurf» når dei snakkar.

Bakgrunn og skildring[endre | endre wikiteksten]

Smurfane som utstillingsskulpturar i ein forlystingspark i Ankara i Tyrkia. Skulpturen til høgre førestiller Smurfine, opphavleg den einaste «kvinnelege» smurfen i serien. 
Smurfefigurar og erkefienden, den vonde trollmannen Gargamel. 

Teikneserien[endre | endre wikiteksten]

Smurfene dukka opp for fyrste gong i 1958 i det vekefaste belgiske teikneseriebladet Le Journal de Spirou, i forteljinga Fløyten med seks smurfer (La Flûte à six schtroumpfs), ei av mange eventyrreiser med den unge riddaren Johan (Johan et Pirlouit). Figurane kom tilbake i fleire av eventyra til riddar Johan, og blei så populære at dei fekk sin eigen serie i 1959. Det har sidan kome ut 26 sjølvstendige teikneseriealbum med smurfane, 16 av dei teikna av Peyo sjølv. Serien er omsett til 25 språk.[1]

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje ein anekdote skal smurfane ha fått namn då Peyo og teiknarkollegaen Franquin åt på restaurant og den eine tilfeldigvis kom til å seia «Kan du senda meg smurfet?» i staden for «Kan du senda meg saltet?» (på fransk Passe-moi le schtroumpf! og ikkje Passe-moi le sel!). Redaktøren i Spirou, Yvan Delporte, såg potensialet i det umoglege namnet, og bad Peyo laga ein eigen serie om skogdvergane. I det tospråklege Belgia kom teikneseriemagasinet ut i to utgåver, på fransk under namnet Spirou og på nederlandsk/flamsk under namnet Robbedoes. På fransk blei dei nye figurane kalla les schtroumpfs, på nederlandsk/flamsk de smurfen, og dette siste namnet er brukt i Noreg og fleire andre land, mellom anna som The Smurfs på engelsk.

Figurar og handling[endre | endre wikiteksten]

Smurfene blir skildra som tre eple høge og blir teikna med blå hudfarge og ein liten halestump. Alle er iført kvit topplue (fransk fridomslue) og kvite strømpebukser. 101 av dei bur saman i ein landsby der husa er forma som store soppar. Landsbyen ligg i ein eventyrskog i ei mellomalderverd .

Figurane er like bortsett frå enkle attributtar eller rekvisittar som skildrar personlegdommen eller funksjonen deira i det vesle samfunnet, til dømes brillene på den leseglade Diktarsmurfen. Den enkelte kan også ha eit adjektiv eller verb i namnet som skildrar rolla deira. Høvdingen blir kalla Gammalsmurfen (Grand Schtroumpf), og blir teikna med raud lue og bukse og kvitt skjegg. Med klokskap og trolldomskunstar reddar han dei andre smurfene frå vanskane dei viklar seg inn i.

Den store fienden til smurfane er trollmannen Gargamel, som stadig vekk prøver å fanga dei, alltid utan hell. Trollmannen har ein svart katt som blir kalla Azraël.

Det var opphavleg berre éin «kvinneleg» smurf, den tidstypisk feminiserte Smurfine (La Schtroumpfette, også kalla «Smurfette» på norsk). I historiene blei ho laga av Gargamel for å distrahera dei andre smurfane, men blei redda og omvandla av Gammelsmurfen til ein ekte smurf med blondt hår og minikjole.

Smurfane snakkar eit eige «smurfespråk» der vanlege ord kan erstattast med ordet «smurf». Eit døme er tittelen på den fyrste forteljinga, Fløyten med seks smurfer, som i serien skal forståast som «fløyta med seks hol».

Norske teikneserieutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Nokre av seriealbuma med smurfane har også kome ut på norsk:[2]

  • 1974: Nurk-album 1: Nurkina, utgitt av Nordisk forlag[3]
  • 1979: Smurfene nr. 1: Super-smurfen og smurfoni i C-dur (Le schtroumpfissime), utgitt av Allers
  • 1979: Smurfene nr. 2: Det magiske egget ; Den speilvendte smurfen ; Den falske smurfen, tre historier utgitt av Allers
  • 1979: Smurfene nr. 3: Astrosmurfen og Drømmesmurfen (Le cosmoschtroumpf, une schtroumpf pas comme les autres), utgitt av Allers
  • 1979: Smurfene nr. 4: Tryllesmurfen; Smurfefeller; Værmaskinen", tre historier utgitt av Allers
  • 1980: Smurfenes OL, utgitt av Semic
  • 1981: Smurfesuppen og andre eventyr, utgitt av Semic Nordisk forlag
  • 1996: De svarte smurfene
  • 1996: Smurfoni i c
  • 2013: Smurfene : 3 morsomme fortellinger, Drømmesmurfen, Astrosmurfen og Tryllesmurfen (L'Apprenti Schtroumpf, Le Cosmo-Schtroumpf, Un Schtroumpf pas comme les autres) utgitt av Aller Media

I tillegg har Egmont Serieforlaget gitt ut smurfeblad med puslesider i samband med dei amerikanske kinofilmane som kom ut i 2011 og 2013:

  • 2011: Smurfene II: Nytt blad!
  • 2011: Smurfene II: Supersmurfen og andre historier!
  • 2012: Smurfene II: Smurfete serier!
  • 2012: Smurfene II: Smurfelesning!
  • 2012: Smurfene II: Surfesmurfer!
  • 2012: Smurfene II: Bråkete naboer!
  • 2012: Smurfene II: Det spøker!
  • 2013: Smurfene II: Smurfene er tilbake!
  • 2013: Smurfene II: Spøkelsesslottet!
  • 2013: Smurfene II: Spennende juleeventyr!

Avleidde produkt[endre | endre wikiteksten]

Smurfedokker til sals på ein marknad under den store festivalen Cranger Kirmes i Herne i Tyskland. 

Frå 1959 byrja forlaget Dupuis å produsera små plastfigurar med smurfane, og på 1970-talet overtok firmaet Schleich lisensen, noko som viste seg å bli lønnsamt. Franchise-produkta omfattar alt frå dokker og leikar til isshow og attraksjonar i temaparkar. Det blir produsert stadig nye smurfeeffekter.

Smurfesangen[endre | endre wikiteksten]

20 år etter starten vart smurfene populære i Noreg gjennom tre barneplater med musikk skrivne av nederlandske Vader Abraham (psevdonym for Pierre Kartner) og norsk song ved skodespelaren og barne-TV-onkelen Geir Børresen. Børresen skal ha selt 400 000 plater på eitt år, og Smurfesangen blei ein av dei mest populære norskspråklege singlane det tiåret.[4][5] Albumet Smurfeland kom på fyrsteplass på VG-lista og låg på lista i 24 veker.[1] Karakteristisk for låtane var «smurfestemmene» med endra pitch (toneleie) i koret.

Norske musikkinnspelingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1978: I Smurfeland
  • 1979: Sommer i Smurfeland
  • 1979: Alle gode ting er Smurf
  • 1993: Smurfenes beste
  • 1997: Jul i Smurfeland

I tillegg har CD-serien Smurfehits 1-10 kome ut i perioden 1996–2001 og Smurfeparty 1, 2 og 3 frå 2008.[1]

Teikna TV-serie[endre | endre wikiteksten]

Smurfene (frå 1981)[endre | endre wikiteksten]

Smurfane fekk eit internasjonalt gjennombrot då det amerikanske produksjonsselskapet Hanna-Barbera laga ein teikna TV-serie om dei i 1981. Fram til desember 1989 blei det produsert 256 episodar fordelt på ni sesongar av tv-serien Smurfene. Serien er blitt gjeven ut på VHS og seinare på DVD.[6]

Smurfene (frå 2021)[endre | endre wikiteksten]

Ein ny serie produsert i Belgia og Frankrike hadde premiere i april 2021 i USA, og oktober 2021 i Noreg. Denne serien går på Nickelodeon og NRK Super og kan streamast på Paramount+ i Noreg.

Dataspel[endre | endre wikiteksten]

Det fyrste dataspelet med smurfane, Smurf: Rescue in Gargammel's Castle, blei gitt ut i 1983 til ColecoVision og Atari 2600. Nintendo gav ut to spel med smurfane i 2011: The Smurfs og The Smurfs Dance Party.

Kinofilmar[endre | endre wikiteksten]

Logo for den amerikanske filmkomedien Smurfene 2 som kom i 2013.

Det er også blitt laga fleire lengre kinofilmar med figurane. Dei to fyrste teiknefilmane kom ut i 1965 og 1976. I 2011 kom ei amerikansk filmatisering fritt basert på forteljingane om smurfane, og to år seinare ein oppfølgjar. Dette var familiekomediar spelt inn med levande skodespelarar og sidan kombinert med moderne dataanimasjon. Begge filmane blei også presenterte i 3D-visning.

  • 1965: Les Aventures des Schtroumpfs, belgisk tegnefilm i svart-kvitt, fem historier på til saman 87 minutt
  • 1976: La Flûte à six schtroumpfs, belgisk teiknefilm i fargr (kom ut i USA som The Smurfs and the magic flute i 1983)
  • 2011: Smurfene (The Smurfs), amerikansk familiekomedie
  • 2013: Smurfene 2 (The Smurfs 2), amerikansk familiekomedie
  • 2017: Smurfene: Den hemmelige landsbyen (Smurfs: The Lost Village), amerikansk familiekomedie

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Norsk fanside
  2. Oversikt over norske utgivelser i Tegneseriearkivet.no[daud lenkje]
  3. «Nurk-album 1». Arkivert frå originalen 24. oktober 2017. Henta 17. juli 2015. 
  4. «Geir Børresen». Dagbladet. 24. september 1998. Henta 29. januar 2009. 
  5. «Om Smurfesangen». Arkivert frå originalen 17. juli 2015. Henta 16. juli 2015. 
  6. Smurfene på DVD

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Smurfane