Solpapegøye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solpapegøye
Solpapegøye
Solpapegøye
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av Solpapegøye
Utbreiinga av Solpapegøye
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Arinae
Slekt: Alipiopsitta
Art: Solpapegøye A. xanthops
Vitskapleg namn
Alipiopsitta xanthops

Solpapegøye (Alipiopsitta xanthops) er ein mellomstor korthala neotropisk papegøye og den einaste arten av slekta Alipiopsitta. Dette er ein hovudsakleg grøn og gul papegøye med gult hovud. Han lever delvis nomadisk innanfor cerrado-regionen i Brasil og tilgrensande område i Bolivia.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Den tyske naturforskaren Johann Baptist von Spix skildra først arten i 1824 som Psittacus xanthops. Artsnamnet er avleidd frå det antikke greske xanthos «gul», og ōpos «ansikt, auge».[1] I mange år var arten klassifisert i slekta Amazona. Ein studie frå 1995 synte at han er genetisk særeigen,[2] følgt opp av data som viste at han var mykje nærare knytt til korthalepapegøye (Graydidascalus brachyurus) og medlemmene av slekta Pionus.[3] Oppdatering av Clementslista i 2008 inkluderte flytting av solpapegøye frå Amazona til den nye slekta Alipiopsitta.[4]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Solpapegøyen måler omtrent 27 cm og har ein kompakt kropp og kort hale.[1] Det er ein hovudsakleg grøn og gul papegøye der det meste av hovudet hos vaksne er gult: Issen, panna, kinna med øyredekkarar. Resten av hovudet, oversida og brystet er grøne med skjelliknande fjører. Sidene på buken er ofte flekkete oransje og gule, og buken er ofte gul. Det er likevel store variasjonar i mengda gult på undersida, og nokon viser praktisk talt ikkje gult.[5] Vengene er hovudsakleg grøne, nokre gonger med nokre gule flekker.[5] Det er blå kantar på primærdekkfjører. Dei sentrale fjørene på den korte halen er grøne, medan dei laterale er meir gulgrøne og har oransjeraude basar. Nebbet er gult hornfarga med ein mørk overkjeve, og iris er gul. Beina er lysegrå. Hannen og hoa er like i fjørdrakt og storleik.[6] Juvenile fuglar har mindre gult på hovudet.[1]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Størstedelen av området er i det sentrale og austlege Brasil, der det finst frå Maranhão og Piauí til São Paulo og Mato Grosso do Sul.[7] Solpapegøyen lever i cerrado på platået i Brasil, langs elvebelte så vel som på tørr, caatinga krattmark.[5]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Solpapegøyen søkjer etter og et frukt og frø frå tre, inkludert Anacardium-artar. Det er også registrert flokkar som plyndrar avlingar av mango og umodne guavatre.[7] Termittar er ein annan diett.[8] Dei lever halvnomadisk.[1]

Inntil nyleg var relativt lite kjent om åtferd. Frå Emas nasjonalpark i Brasil har ein fått utvida informasjon: hekkesesongen der er mai til oktober. Reirplassen er i hòler i termitthaugar. Egga blir ruga i 19–22 dagar, medan ungane bruker opptil 45 dagar på å forlate reiret.[8][1]

Status og vern[endre | endre wikiteksten]

Ettersom solpapegøyen har forsvunne frå delar av sitt opphavlege utbreiingsområde på grunn av øydelegging av habitat, vart han tidlegare klassifisert som sårbar av Verdas naturvernunion, IUCN. Han er framleis lokalt ganske vanleg, finst i fleire verna område og kan overleve i fragmenterte habitat, noko som førte til at arten blei omklassifisert til nær trua, NT. Mykje av habitatet blir konvertert til jordbruksland og populasjonen er minkande.[7] Som dei fleste artar av papegøyar, er solpapegøyen verna av konvensjonen om internasjonal handel med trua artar av vill fauna og flora (CITES) med plasseringa på lista i vedlegg II.[7]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Collar, N. og P. F. D. Boesman (2020). Yellow-faced Parrot (Alipiopsitta xanthops), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.yefpar5.01
  2. JMB Duarte, R Caparroz (1995). «Cytotaxonomic analysis of Brazilian species of the genus Amazona (Psittacidae, Aves) and confirmation of the genus Salvatoria (Ribeiro, 1920)». Brazilian Journal of Genetics (Soc Brasil Genetica): 623–628. 
  3. Russello, Michael A; Amato, George (2004). «A molecular phylogeny of Amazona: implications for Neotropical parrot biogeography, taxonomy, and conservation». Molecular Phylogenetics and Evolution (Elsevier) 30: 421–437. doi:10.1016/S1055-7903(03)00192-1. 
  4. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2008), Clements checklist of birds of the world: Updates & Corrections – December 2008, Page 150, Yellow-faced Parrot Amazona xanthops, henta 30. desember 2023
  5. 5,0 5,1 5,2 van Perlo, B. (2009). A Field Guide to the Birds of Brazil. Oxford University Press. ISBN 978-0-19-530154-0
  6. de Araújo, Carlos B; Marcondes-Machado, Luiz O (2014). «Age and gender related plumage variation of psittacofulvine pigments: the case of the Yellow-faced Parrot Alipiopsitta xanthops» (PDF). Revista Brasileira de Ornitologia (Springer) 22: 251–259. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 BirdLife International (2022). «Alipiopsitta xanthops». IUCN Red List of Threatened Species 2022: e.T22686311A209517362. doi:10.2305/IUCN.UK.2022-1.RLTS.T22686311A209517362.en. Henta 30. desember 2023. 
  8. 8,0 8,1 Bianchi, Carlos A. (2009). «Notes on the Ecology of the Yellow-faced Parrot (Alipiopsitta xanthops) in central Brazil». Ornitologia Neotropical 20 (4): 479–89. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Solpapegøye