Korthalepapegøye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Korthalepapegøye
Korthalepapegøye
Korthalepapegøye
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Korthalepapegøye
Utbreiinga av Korthalepapegøye
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Arinae
Slekt: Graydidascalus
Art: Korthalepapegøye G. brachyurus
Vitskapleg namn
Graydidascalus brachyurus

Korthalepapegøye (Graydidascalus brachyurus) er ein mellomstor korthala neotropisk papegøye med utbreiingsområde langs Amazonaselva med bielver.

Korthalepapegøyen er den einaste medlemmen av slekta si og har ingen underart. I 2023 er det rekna at dei næraste slektningar er solpapegøye (Alipiopsitta xanthops) og medlemmene av slekta Pionus.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Korthalepapegøyen er ca. 24 cm lang og veg rundt 200 gram. Den har eit stort hovud og som namnet ymtar om, ein kort hale og breie venger. Vaksne er nesten heilt grøne, men gulaktige på undersida og øvre haledekkarar. Primærfjørene deira er mørkare grøn og vengdekkarane har gule kantar. Skuldra deira er raudbrun som sjeldan er synleg bortsett frå i flukt. Dei ytre halefjørene deira har raude band ved botnen. Nebbet deira varierer frå lysegrønt til mørkegrått og iris er oransjeraud. Juvenile fuglar er som vaksne, bortsett frå at dei ikkje har raudt på halen.[2][3]

Korthalepapegøyane lever langs Amazonaselva og store sideelvar frå det sørlege Colombia, nordaust i Ecuador og nordaust i Peru til Atlanterhavet. I Peru, til dømes, er arten funne så langt sør som inn i Ucayali-regionen.[4] Utbreiinga strekkjer seg også nordover langs kysten av Brasil inn i det nordaustlege Fransk Guyana. Hovudhabitatet er sesongmessig overfløymt varzea-skog og andre sumpområde som finst langs dei store elvene i Amazonasbassenget. Ved kysten lever han i mangrovar. Områder spenner også lokalt inn i dyrka område. Høgdenivået i utbreiingsområdet varierer frå havnivå opp til omtrent 400 moh.[2][3] Korthalepapegøyen lever av frukt, spesielt dei av fikenslekta, og dyrka guava og mango. Frø, nøtter, bær og rakkel frå Cecropia-vekstar står òg på menyen.[2] Korthalepapegøyen blir trudd å gjere rørsler, i Loreto-regionen i Peru kanskje i takt med tidspunkt for sesongmessige flaum.[2]

I flukt høyrast er «ein ganske høglydt rullande krii-ki-ki» frå desse fuglane.[2] Elles gjer dei ei rekkje høge, harde, ytringar.[5]

Verdas naturvernunion(IUCN) har vurdert korthalepapegøyen til å vere livskraftig, LC. Han har eit stort utbreiingsområde, men populasjonsstorleiken er ikkje kjend og er truleg minkande. Ingen umiddelbare truslar er identifiserte.[6] I somme område, spesielt i nedre Amazonas, er han rekna som ein vanleg fugl, men er sjeldnare i dei øvre delane av Amazonas.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Gill, F.; Donsker, D.; Rasmussen, P., red. (January 2023). «Parrots, cockatoos». IOC World Bird List. v 13.1. Henta 30. desember 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Collar, N., A. Bonan, og P. F. D. Boesman (2020). Short-tailed Parrot (Graydidascalus brachyurus), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.shtpar2.01
  3. 3,0 3,1 van Perlo, Ber (2009). A Field Guide to the Birds of Brazil. New York: Oxford University Press. s. 136. ISBN 978-0-19-530155-7. 
  4. Alfredo Begazo (30. desember 2023). «Short-tailed Parrot (Graydidascalus brachyurus)». Peru Aves. Arkivert frå originalen 23. mars 2023. 
  5. «Korthalepapegøye · Graydidascalus brachyurus». Xeno-canto Foundation. 30. desember 2023. 
  6. BirdLife International (2023) Species factsheet: Graydidascalus brachyurus. Henta 30. desember 2023

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Korthalepapegøye