Solveig Pedersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Solveig Pedersen
Fødd 6. september 1965
Kristiansand
Yrke langrennsløpar

Solveig Pedersen, fødd Solveig Pettersen, (fødd 6. september 1965) er er ein norsk tidlegare langrennar, fødd i Oslo og oppvaksen der og i Kristiansand. Ho var med dei norske stafettlaga som tok høvesvis bronse i Ski-VM 1991 og sølv under Vinter-OL 1992. Pedersen var medlem i Oddersjaa SSK.

Pettersen gjekk seg opp i noregseliten i 1986-sesongen, då ho vann bronsemdaljen både på 5 km og 10 km under noregsmeisterskapen på Vang. Etter nokre år med svakare prestasjonar kom ho tilbake på høgt nivå i 1990. Under ski-NM på Gjøvik sikra ho seg bronsen på 5 km og kneip sølvet på tremila, slått einast av Trude Dybendahl. Året etter vann Solveig Pedersen alle tre sølvmedaljane i NM-renna, som fann stad i Bodø og Misvær, bak Dybendahl på 5 og 30 km og bak Inger Lise Hegge på 10 km. Under Ski-VM 1991 i Val di Fiemme enda Pedersen på fjerdeplassen i 15 km klassisk stil og ho gjekk startetappen for det norske bronselaget i 4 x 5 km stafett. Tidlegare i 1991-sesongen oppnådde ho sin einaste individuelle pallplass i verdscupen då ho vart nummer tre i ei tevling i Tyskland.

OL-sesongen 1992 enda Pedersen i noregsmeisterskapen som best på ein fjerdeplass. Under vinterleikane i Albertville vart ho nummer 8 på 5-kilometyren og ho gjekk den fyrste ettapen for det norske mannskapet som vann sølv i 4 x 5 km stafett; Inger Helene Nybråten, Trude Dybendahl og Elin Nilsen tok seg av dei seinare etappane for eit lag som enda 21,6 sekundar bakom Russland i mål.

Solveig Pedersen la opp i 1993.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!