Songen Onward

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Onward
Song av Yes
frå albumet Tormato
Utgjeve 29. september 1978
Sjanger Progressiv rock
Lengd 4:05
Selskap Atlantic Records
Låtskrivar(ar) Chris Squire
Produsent Yes

«Onward» er ein song frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 1978albumet Tormato. Songen er skriven av Chris Squire og er ein av dei få reine balladane til bandet. Songen er 4 minutt og 5 sekund lang.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Songen er ein melodisk og direkte kjærleikserklæring skrive av bassisten i bandet, Chris Squire, til den dåverande kona si Nikki. Med den pompøse og kjensleladde orkestreringen skilde denne songen saman med instrumentalen «Madrigal» seg sterkt ut frå resten av albumet, som er minimalistisk produsert og har ein meir direkte rockestil. Teksten er særs atypisk for progressiv rock, då han handlar om kjærleik.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart første gongen spelt under konsert under dei tre Keys to Ascension-konsertane i San Luis Obispo i 1996, og vart etter dette ikkje spelt igjen før under In the Present-turneen i 2008.[1] Innspelinga av songen på Keys to Ascension inneheld ein ny intro, skriven og spelt av Steve Howe på gitar.

Offisielle utgjevingar med konsertopptak av «Onward»:

Alternative versjonar[endre | endre wikiteksten]

På ny-utgjevinga av albumet Tormato frå 2004 finst ein instrumental orkesterversjon av songen som «skjult bonus-spor».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

På originalinnspelinga frå 1978 medverkar:

med

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Forgotten Yesterdays