Songpan fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Songpan fylke
fylke
俯瞰松潘 - Overlook of Songpan County - 2011.10 - panoramio.jpg
Land Flag of the People's Republic of China.svg Folkerepublikken Kina
Provins Sichuan

Songpan fylke
32°38′24″ N 103°35′50″ E
Wikimedia Commons: Songpan County
Kalksteinsdammar i Huanglong
Songpan i Sichuan

Songpan (kinesisk skrift 松潘县, pinyin Sōngpān Xiàn) eller Sungqu er eit fylke i det autonome prefektur Ngawa for tibetanarar og qiangfolk i provinsen Sichuan i Kina. Folkesetnaden var i 1999 på 66 358 .

Verna område[endre | endre wikiteksten]

Naturvernområdet Huanglong, som òg er oppført på UNESCO siverdsarvliste, ligg i fylket. Det har eit stort tal verneverdige dyrearter og er òg kjent for dei karakteristiske vatna sine.

Den gamle bymuren til Songpan (Songpan gu chengqiang, 松潘古城墙) blei oppført på nasjonal liste over kulturminne i Kina i 2001.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen Songpan blei bygd under Tang-dynastiet og blei seinare grundig ombygd under Ming-dynastiet. Songpan var ein viktig garnisonsby. Han var òg av stor tyding for økonomi og handel på grunn av plasseringa si i høve til Sichuan, Gansu, Qinghai og Tibet; her blei det særleg handla med te og med hestar.

I 1935 gjekk den lange marsjen gjennom Songpanplatået.

Administrative einingar[endre | endre wikiteksten]

Storkommunar:

  • Jin'an 进安镇, Chuanzhusi 川主寺镇

Kommunar:

    • Anhong (安宏乡)
    • Baiyang (白羊乡)
    • Caoyuan (草原乡)
    • Hongtu (红土乡)
    • Hongxing (红星乡)
    • Xiaoxing (小姓乡)
    • Zhenjiang (镇江乡)

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 213 i Kina går gjennom området. Han byrjar i Lanzhou i Gansu og fører via Chengdu og Kunming til byen Mohan ved grenseovergangen til Laos.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Songpan fylke