Sophie Román Haug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sophie Román Haug
Personleg informasjon
Fødd 4. juni 1999
Fødestad Kløfta
Posisjon Angrep
Klubbinformasjon
Noverande lag
Roma
Nummer 11
Ungdomsklubbar
0 Kløfta
LSK Kvinner
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2015–2021 LSK Kvinner 109 (49)
2022– Roma 14 (7)
Landslag
2014 Noreg J15 2 (0)
2015 Noreg J16 12 (3)
2016 Noreg J17 9 (7)
2016–2018 Noreg J19 27 (11)
2018– Noreg U23 10 (5)
2022– Noreg 6 (4)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 9. november 2022
‡ Landslagsmål oppdatert 9. november 2022

Sophie Román Haug (fødd 4. juni 1999) er ein norsk fotballspelar som spelar for Roma i Serie A.

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha spela for Kløfta Idrettslag, gjekk Román Haug til LSK Kvinner i 2015. Ho var sterkt delaktig i at LSK Kvinner vann serie- og cupgull i 2018, blant anna med 14 seriemål. Året etter vart det berre eitt mål i serien, før ho vart toppskårar for LSK Kvinner i 2020 med åtte scoringar. Ho vart i 2021 teken ut på årets lag i Toppserien av NTB,[1] etter ni mål på 15 seriekampar.[2]

I desember 2021 vart det kjent at LSK Kvinner hadde avslege to bod på Román Haug frå den italienske klubben Roma.[3] Agenten var frustert over manglande fornuft og samarbeidsvilje hos romeriksklubben som kravde ein høg sum for Román Haug. Ho sjølv uttala at «Eg er skuffa over at LSK ikkje vil gje meg moglegheita til å kunne drive med fotball på heltid. Men eg forheld meg til kontrakten og overlet det til klubbane å kome til semje om kva som skjer vidare».[4]

Klubbane vart til slutt samde og i januar 2022 signerte Román Haug for Roma, og vart det dyraste salet frå LSK Kvinner nokonsinne.[5]

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Román Haug har landskampar for J15, J16, J17, J19, U23 og det norske A-landslaget.[6]

Román Haug scora mål for J19-landslaget under U19-EM i fotball for kvinner 2018.

Román Haug vart teken ut på det norske A-landslaget for fyrste gang i 2018.[7] I 2022 vart ho teken ut til landslagstroppen til EM i England, trass i at ho enno ikkje hadde fått sin debut på A-landslaget.[8] I juni kom debuten, da ho vart bytta inn for Ada Hegerberg i ein privatlandskamp mot Danmark i forkant av europamesiterskapen.[9]

Román Haug scora sine tre fyrste A-landslagsmål i VM-kvalifiseringskampen heime mot Albania, den 6. september 2022.[10][11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Her er Årets lag på NTB-børsen!». Toppserien (på norsk bokmål). 2. desember 2021. Henta 19. juni 2022. 
  2. Fotballforbund, Norges. «Sophie Roman Haug - Profil». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 19. juni 2022. 
  3. AS, TV 2 (1. desember 2021). «LSK Kvinner vil ikke selge spiss til Italia - agent mener kravet er urimelig». TV 2 (på norsk). Henta 7. juni 2022. 
  4. Opsann, Carina (2. desember 2021). «(+) Spissen vil til utlandet - LSK Kvinner sier nei: – Skuffet over at de ikke gir meg muligheten til å leve av fotballen». Romerikes Blad (på norsk). Henta 7. juni 2022. 
  5. «Sophie Román Haug er solgt til Roma. Blir klubbens dyrest salg noensinne.». LSK Kvinner (på norsk bokmål). 28. januar 2022. Henta 18. februar 2022. 
  6. Fotballforbund, Norges. «Sophie Roman Haug - Profil». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 7. juni 2022. 
  7. Stenseth/NTB, Knut (19. september 2018). «(+) To Kolbotn-spillere kan få debuten på A-landslaget». Østlandets Blad (på norsk). Henta 7. juni 2022. 
  8. NTB (7. juni 2022). «Fikk plass i Norges EM-tropp». Romerikes Blad (på norsk). Henta 7. juni 2022. 
  9. Fotballforbund, Norges. «Danmark - Norge - 29.06.2022 18.00». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 29. juni 2022. 
  10. Fotballforbund, Norges. «Norge - Albania - 06.09.2022 18.30». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 6. september 2022. 
  11. Lokøy, Christian Dehlie (6. september 2022). «Sophie Román Haug briljerte for Norge i Hege Riises hjemmedebut». NRK (på norsk bokmål). Henta 6. september 2022.