Hopp til innhald

Guro Reiten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guro Reiten
Personleg informasjon
Fødd 26. juli 1994
Fødestad Sunndalsøra
Posisjon Kant
Nummer 11
Ungdomsklubbar
0 Sunndal
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2009–2010 Sunndal 0
2011–2012 Kattem 35 (11)
2013–2016 Trondheims-Ørn 82 (25)
2017–2019 LSK Kvinner 53 (51)
2019– Chelsea 55 (13)
Landslag
2008–2009 Noreg J15 7 (1)
2009–2010 Noreg J16 17 (5)
2010–2011 Noreg J17 8 (2)
2011–2013 Noreg J19 26 (10)
2012 Noreg U20 8 (1)
2013–2016 Noreg U23 14 (2)
2014– Noreg 67 (17)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. juli 2022
‡ Landslagsmål oppdatert 10. juli 2022

Guro Reiten (fødd 26. juli 1994) er ein norsk fotballspelar frå Sunndalsøra, som spelar på det norske landslaget og Chelsea W.F.C..

Landslagskarriere

[endre | endre wikiteksten]

Reiten har landskampar for J15, J16, J17, J19, U20, U23 og det norske A-landslaget.[1]

Allereie som 13-åring fekk Reiten vere med J15-landslaget då dei skulle spele kamp i Kristiansund.[2] Dei kommande åra var ho med på alt av dei yngre landslaga. Ho var med å vinne EM-sølv med J19-landslaget i 2011, og vart etter kvart kaptein på J19-landslaget.

Reiten fekk debuten på A-landslaget i januar 2014 på La Manga. Ho vart teken ut i sin fyrste meisterskapstropp til EM i Nederland 2017.[3] Under VM i Frankrike 2019 scora hun Noregs fyrste mål i opningskampen mot Nigeria, og vart kåra til banens beste spelar.[4]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Fotballforbund, Norges. «Guro Reiten - Profil». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 2022-06-16.
  2. «Lillestrøm-stjernen Guro Reiten: Nå er «Knotten» blitt den største av dem alle». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 2022-06-16.
  3. Guro Reiten hos kfl.no, fanssidene til Kanarifansen, sist lest den 5. november 2017.
  4. Losnegård, Aleksander (2019-06-08). «NRK-ekspert hyller Reiten etter Norges pangstart på VM: – Aldri sett henne bedre». NRK (på norsk bokmål). Henta 2019-06-10. «– Hun har dominert i Toppserien i to år. Vi ville ha henne opp et hakk. I dag kan man si hun fikk sitt internasjonale gjennombrudd, sier Martin Sjögren til NRK om Guro Reiten etter 3-0-seieren over Nigeria. | Kort tid før VM ble det klart at den offensive midtbanespilleren har signert for Chelsea etter å ha scoret 60 mål på 62 kamper for LSK Kvinner siden hun kom til klubben i 2017.»