Hopp til innhald

Amalie Eikeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amalie Eikeland
Personleg informasjon
Fødd 26. august 1995
Fødestad Noreg, Bergen
Posisjon Kant
Klubbinformasjon
Noverande lag
Reading FC
Nummer 9
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2011–2018 Arna-Bjørnar 166 (4)
2019 Sandviken 11 (1)
2019– Reading FC 62 (6)
Landslag
2010 Noreg J15 1 (0)
2011 Noreg J16 9 (7)
2012 Noreg J17 4 (2)
2012–2014 Noreg J19 23 (7)
2014–2018 Noreg U23 18 (3)
2016– Noreg 38 (3)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. november 2022
‡ Landslagsmål oppdatert 8. november 2022

Amalie Vevle Eikeland (fødd 26. august 1995) er ein norsk fotballspelar som spelar for Reading og det norske landslaget.

Klubbfotball

[endre | endre wikiteksten]

Eikeland debuterte i Toppserien for Arna-Bjørnar allereie som 15-åring.[1] Trass i for sin unge alder etablerte ho seg raskt i eit sterkt Arna-Bjørnar, og i 2012-sesongen scora ho 11 seriemål i en sesong som enda med bronse til Arna-Bjørnar.[2][3] Eikeland vart tildelt Statoils talentpris for september i 2013, og i 2014 vart ho av Bergensavisen kåra til Hordalands nest største idrettstalent.[4][5] Eikeland og Arna-Bjørnar tok bronse i Toppserien også i 2013, 2014 og 2018.

Etter mange år i Arna-Bjørnar, signerte Eikeland kontrakt med Sandviken før 2019-sesongen.[6] I august 2019 vart ho henta til Reading FC i Women's Super League, den øvste divisjonen i England.[7] I 2021 forlengde ho kontrakten med Reading.[8] Ho vart i 2022 kåra til både «årets spelar» og «spelaranes årets spelar» i Reading.[9]

Landslagsfotball

[endre | endre wikiteksten]

Eikeland har landskampar for J15, J16, J17, J19, U23 og det norske A-landslaget.

Eikeland vart teken ut på det norske A-landslaget for fyrste gang i september 2016, saman med lagvenne i Arna-Bjørnar Vilde Bøe Risa.[10] Eikeland debuterte for A-landslaget i en kamp mot Israel den 19. september 2016.[11]

Eikeland var ein del av den norske troppen under VM i Frankrike i 2019.[12] Ho vart også teken ut til EM i England 2022.[13]

  1. ↑ AS, TV 2 (2016-07-31). «Debuterte i Toppserien som 15-åring». TV 2 (på norsk). Henta 2022-06-29.{{cite web}}: CS1 maint: numeric names: authors list (link)
  2. ↑ Rotnes, Hanne Hagen (2012-11-11). «Bronse til Arna-Bjørnar». Bergensavisen (på norsk). Henta 2022-06-29.
  3. ↑ Fotballforbund, Norges. «Amalie Vevle Eikeland - Profil». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 2022-06-29.
  4. ↑ AS, TV 2 (2013-10-27). «Amalie Eikeland er vinneren av Statoils talentpris for september». TV 2 (på norsk). Henta 2022-06-29.{{cite web}}: CS1 maint: numeric names: authors list (link)
  5. ↑ Kolstad, Jan Gunnar (2014-12-28). «Her er fylkets største talenter!». Bergensavisen (på norsk). Henta 2022-06-29.
  6. ↑ «Sandviken henter tre nye spillere fra byrival Arna-Bjørnar». www.bt.no (på bokmål). Bergens Tidende. 2018-12-20. Henta 2022-02-17.
  7. ↑ Fenre, Truls (2019-08-04). «(+)Eikeland klar for Reading: – Kom et alvorlig bud». smp.no (på norsk). Sunnmørsposten. Henta 2022-02-17.
  8. ↑ Alexander Larsen (2021-08-05). «Eikeland forlenget med Reading – ingen retur til Norge». Norske Fotballkvinner (på bokmål). Henta 2022-02-17.
  9. ↑ «Clean sweep for Amalie Eikeland at Reading FC's Gala night» (på britisk engelsk). 2022-05-05. Henta 2022-05-06.
  10. ↑ NTB, Tormod Bergersen OG (2016-09-01). «(+) Disse to kan juble for landslagsplass». Bergensavisen (på norsk). Henta 2022-06-30.
  11. ↑ «Kampreferat av Norge - Israel - 19.09.2016 17.55». fotball.no (på norsk). Norges Fotballforbund. 2016-09-19. Henta 2022-02-17.
  12. ↑ «Her er Norges VM-tropp». www.aftenposten.no (på bokmål). Henta 2022-02-17.
  13. ↑ «Norges tropp til EM i England | Norges Fotballforbund». kommunikasjon.ntb.no (på norsk). Henta 2022-06-30.