Hopp til innhald

Celin Bizet Dønnum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Celin Bizet Ildhusøy)
Celin Bizet Dønnum
Personleg informasjon
Fullt namn Celin Bizet Ildhusøy
Fødd 24. oktober 2001
Fødestad Frogner i Lillestrøm
Posisjon Angrep
Klubbinformasjon
Noverande lag
Manchester United
Nummer 15
Ungdomsklubbar
0 Frogner
Skedsmo
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2016 Skedsmo 9 (7)
2017–2022 Vålerenga 69 (8)
2019Grei (lån) 3 (2)
2021–2022 Paris Saint-Germain 6 (0)
2022-2024 Tottenham Hotspur 42 (6)
2024- Manchester United 42 (6)
Landslag
2017 Noreg J16 9 (6)
2018 Noreg J17 7 (1)
2018–2020 Noreg J19 24 (14)
2021– Noreg U23 2 (2)
2021– Noreg 28 (7)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 1. juli 2022
‡ Landslagsmål oppdatert 8. november 2022

Celin Bizet Dønnum (fødd 24. oktober 2001) er ein norsk fotballspelar frå Frogner i Viken, som spelar for Manchester United og det norske landslaget.

Klubbkarriere

[endre | endre wikiteksten]

Tidleg karriere

[endre | endre wikiteksten]

Dønnum byrja å spele fotball for Frogner Idrettslag, før ho som 14-åring melde overgang til Skedsmo.[1] Ho spela aldersbestemte kampar i klubben, i tillegg til ni kampar for A-laget i 2. divisjon under 2016-sesongen.[2]

Vålerenga (2017–2021)

[endre | endre wikiteksten]

Før 2017-sesongen signerte Dønnum for Vålerenga Kvinner. Berre 15 år gammal debuterte ho for Vålerenga i Toppserien.[3] Ho vart raskt ein favoritt blant supportarane med sin leikande spelestil og teknikk.[4] Ho var berre 16 år gammal da ho var på banen i sin fyrste cupfinale for Vålerenga mot Avaldsnes i 2017.[5]

Sommaren 2019 var Dønnum på eit kort låneopphald i Grei i 1. divisjon,[6] før ho returnerte til Vålerenga.

I 2020 var Dønnum med å vinne det fyrste serie- og cupgullet til Vålerenga. Ho vart nominert til årets gjennombrot i Toppserien same sesong.[7] Blant supportarane til Vålerenga fekk ho kallenamnet «Cubafoten».[3] Etter fire og eit halvt år i Vålerenga var ho sommaren 2021 klår for å ta det neste steget i karrieren.

Paris Saint-Germain (2021–2022)

[endre | endre wikiteksten]

I juli 2021 signerte Bizet Dønnum for den regjerande franske seriemeisteren Paris Saint-Germain.[8] Ho fekk lite speletid i sin fyrste sesong med berre seks seriekampar for Paris Saint-Germain.

Tottenham Hotspur (2022–2024)

[endre | endre wikiteksten]

I august 2022 vart det kjent at Bizet Dønnum hadde signert for Tottenham Hotspur i engelske Women's Super League.[9]

Manchester United (2024–)

[endre | endre wikiteksten]

I september 2024 signerte Bizet Dønnum for Manchester United.[10][11]

Landslagskarriere

[endre | endre wikiteksten]

Bizet Dønnum har kampar for J16, J17, J19, U23 og det norske A-landslaget.

Bizet Dønnum spela i U19 EM i Skottland 2019.[12]

Bizet Dønnum debuterte for det norske A-landslaget i november 2021 mot Armenia, i same kamp scora ho sitt fyrste A-landslagsmål.[13] Ho hadde eit imponerqnde målsnitt på landslaget med fire scoringar, i løpet av 322 minutter fordelt på sine fem fyrste landskampar.[14] Ho vart teken ut i den norske landslagstroppen til EM i England 2022.[15]

Med Vålerenga

[endre | endre wikiteksten]

Bizet Dønnum har cubansk mor og faren hennar er tidlegare Molde-spelar Kjell Gunnar Ildhusøy.[16]

Bizet Dønnum er saman med fotballspelaren Aron Dønnum, og under ein fotballkamp fridde Dønnum til Ildhusøy. Ho sa ja, og paret vart trulova.[17] I juni 2025 gifta paret seg i Varenna i Italia.[18][19] Ho endra etternamnet sitt til Bizet Dønnum.[20]

  1. Borgersrud, Aslak (1. august 2020). «– Jeg måtte bare meie hu ned på slutten». Dagsavisen. Henta 19. september 2020. 
  2. «Celin Bizet Ildhusøy – Kampstatistikk». Norges Fotballforbund. Henta 19. september 2020. 
  3. 3,0 3,1 Bjørneseth, Espen (28. april 2020). «"Cubafoten", ribs og Shakira». Vålerenga Damefotball (på norsk bokmål). Henta 23. februar 2022. 
  4. Brodahl, Viljam (21. mai 2021). «(+) Celin (19) om det store idolet: – Var annerledes enn alle de andre». Avisa Oslo (på norsk). Henta 23. februar 2022. 
  5. Fotballforbund, Norges. «Avaldsnes - Vålerenga - 18.11.2017 16.00». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 23. februar 2022. 
  6. Dalsegg, Jens August (12. juni 2019). «Ildhusøy og Fløtre i scoringsform for Grei». Vålerenga Damefotball (på norsk bokmål). Henta 23. februar 2022. 
  7. «Toppseriens prisdryss 2020: De nominerte til årets gjennombrudd». Toppserien (på norsk bokmål). 27. november 2020. Henta 23. februar 2022. 
  8. Hagen, Mathias (16. juli 2021). «Bizet Ildhusøy klar for Paris Saint-Germain». NRK. Henta 23. februar 2022. 
  9. «Celin Bizet Ildhusøy arrives from PSG». Tottenham Hotspur (på engelsk). Henta 10. august 2022. 
  10. «United Women sign Bizet». www.manutd.com (på engelsk). Henta 4. september 2024. 
  11. «Celin Bizet Ildhusøy klar for Manchester United». VG. 24. september 2024. Henta 1. juli 2025. 
  12. Dalsegg, Jens August (18. juni 2019). «Ildhusøy til EM!». Vålerenga Damefotball (på norsk bokmål). Henta 23. februar 2022. 
  13. Fotballforbund, Norges. «Armenia - Norge - 30.11.2021 14.00». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 23. februar 2022. 
  14. Murtnes, Sindre (11. april 2022). «Sleit i storklubb – så overraska kometen «alle»». NRK. Henta 8. juni 2022. 
  15. Fotballforbund, Norges. «Se Norges EM-tropp». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 8. juni 2022. 
  16. Baardsen, Joachim (31. juli 2018). «VIF-Celin (18) vil bli verdens beste». VG. Henta 19. september 2020. 
  17. Baardsen, Joachim (31. juli 2018). «Fyrverkerikaos stoppet fotballkamp – så fridde Aron Dønnum på banen». NRK. Henta 8. november 2022. 
  18. «Giftet seg – nå har Norge-profilen byttet navn». NRK. 23. juni 2025. Henta 1. juli 2025. 
  19. «Stjerneparet giftet seg i Italia». TV2. 23. juni 2025. Henta 1. juli 2025. 
  20. «Avslører: – Masse tårer i øynene». TV2. 23. juni 2025. Henta 1. juli 2025.