Hopp til innhald

Aurora Mikalsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aurora Mikalsen
Personleg informasjon
Fødd 21. mars 1996
Fødestad Kristiansund kommune
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Brann
Nummer 1
Ungdomsklubbar
0 Clausenengen
Arna-Bjørnar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2013–2014 Arna-Bjørnar 1 (0)
2015 Clausenengen 6 (0)
2016–2019 Kolbotn 64 (0)
2019–2020 Manchester United 0 (0)
2020–2021 Tottenham 27 (0)
2021– Brann (0)
Landslag
2011 Noreg J15 2 (0)
2012 Noreg J16 3 (4)
2012–2013 Noreg J17 8 (0)
2014–2015 Noreg J19 16 (0)
2016–2019 Noreg U23 16 (0)
2022– Noreg 4 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 9. november 2022
‡ Landslagsmål oppdatert 9. november 2022

Aurora Mikalsen (fødd 21. mars 1996) er ein norsk fotballspelar som spelar for Brann.

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Mikalsen byrja karrieren i Clausenengen i heimbyen Kristiansund. I 2012 gjekk ho til Arna-Bjørnar.[1] I Bergensklubben vart det hovudsakleg speletid for andrelaget i 2. divisjon. I 2015 vende ho tilbake til Clausenengen; der veksla ho mellom å spele for kvinnelaget i 2. divisjon, og med guttar på G19-laget. Før 2016-sesongen vart ho henta til Kolbotn i Toppserien.[2]

I Kolbotn vart Mikalsen etterkvart fyrstekeeper og gjorde det bra. Då Manchester United var i Oslo for å spele treningskamp mot Vålerenga i juli 2019, trente Mikalsen med laget.[3] I september 2019 vart det kjent at ho hadde signert for Manchester United.[4] Ho fekk berre ein ligacupkamp for klubben før ho forlet klubben etter eitt år då kontrakten gjekk ut.

I juli 2020 signerte Mikalsen for Tottenham.[5] Etter ein sesong i Tottenham gjekk ho til Sandviken i juli 2021.[6] Same sesong som ho kom til Sandviken var ho med å vinne den fyrste seriemeisterskapen til klubben, før klubben vart til SK Brann Kvinner før 2022-sesongen.

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Mikalsen har aldersbestemte landskampar for J15, J16, J17, J19, og U23.

I februar 2018 vart Mikalsen teken ut på det norske A-landslaget for fyrste gong.[7]

Den 16. februar 2022 debuterte Mikalsen for A-landslaget mot Portugal under Algarve Cup.[8] Ho vart same år teken ut i den norske landslagstroppen til EM i England 2022.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Aurora Mikalsen til Arna Bjørnar - Clausenengen Fotballklubb». www.cfk.no. Henta 11. februar 2022. 
  2. «Aurora Mikalsen klar for Kolbotn - Clausenengen Fotballklubb». www.cfk.no. Henta 11. februar 2022. 
  3. «Kolbotn-spiller trente med Manchester United: – Får se hvor langt samtalen bærer». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 11. februar 2022. 
  4. «Man Utd Women announce signing of Aurora Mikalsen». www.manutd.com (på engelsk). Henta 12. februar 2022. 
  5. «Aurora Mikalsen joins Spurs Women». Tottenham Hotspur (på engelsk). Henta 12. februar 2022. 
  6. «Mikalsen fra Tottenham til Sandviken – VG Nå: Sportsdøgnet». VG Nå (på norsk). Henta 12. februar 2022. 
  7. Stenseth, Knut Andreas (21. februar 2018). «Kolbotn-keeperen tatt ut på A-landslaget». Østlandets Blad (på norsk). Henta 12. februar 2022. 
  8. Fotballforbund, Norges. «Portugisisk seier i åpningskampen». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 17. februar 2022. 
  9. AS, TV 2 (7. juni 2022). «Dette er Norges tropp til EM - går for medalje». TV 2 (på norsk). Henta 3. juli 2022.