Caroline Graham Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Caroline Graham Hansen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. februar 1995 (29 år)
Oslo
Yrke fotballspelar
Høgd 174 centimeter, 173 centimeter
Caroline Graham Hansen på Commons

Caroline Graham Hansen (fødd 18. februar 1995) er ein norsk fotballspelar frå Oslo som spelar på FC Barcelona Femení (2020).

Ho hadde per 31.7.2017 spelt 51 landskampar og skåra 15 mål. Hansen spelte EM-finalen 2013 mot Tyskland der det vart norsk tap med 0-1.

Hansen debuterte på Stabæk IF i 2010 og spelte på laget til ho hausten 2013 gjekk over til det svenske topplaget Tyresö. Ho treivst ikkje og vende tilbake til Stabæk IF våren 2014. I juli 2014 fekk ho kontrakt med VfL Wolfsburg og har sidan då spelt for det tyske topplaget.

På det norske landslaget har finte- og dribleflinke Hansen oftast teke plass på høgrevengen i angrepet. Ho debuterte for Noreg 26. oktober 2011 og var med i den norske fyrsteellevaren under Fotball-EM 2013 i Sverige. Både i 2015 og -16 var ho plaga av skadar, og kom ikkje med i VM-troppa 2015. Derimot deltok ho då Noreg tapte alle tre gruppespelkampane i Fotball-EM 2017, der ho mellom anna mislukkast i å skåre på straffespark i kampen mot Danmark.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-sølv: 2013
  • Norsk seriemeister: 2010, 2013 med Stabæk IF
  • Noregsmeister: 2011, 2012, 2013 med Stabæk IF
  • Tysk cupmeister: 2015, 2015 og 2017 med VfL Wolfsburg
  • Tysk seriemeister: 2017 med VfL Wolfsburg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]