Thea Bjelde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thea Bjelde
Personleg informasjon
Fødd 5. juni 2000
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Vålerenga
Nummer 18
Ungdomsklubbar
0 Sogndal
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2015 Sogndal
2016 Kaupanger 11 (9)
2017–2021 Arna-Bjørnar 62 (2)
2021– Vålerenga 28 (3)
Landslag
2015 Noreg J15 4 (4)
2016 Noreg J16 12 (2)
2017 Noreg J17 11 (0)
2017–2020 Noreg J19 21 (1)
2021– Noreg U23 4 (0)
2022– Noreg 1 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. november 2022
‡ Landslagsmål oppdatert 8. november 2022

Thea Bjelde (fødd 5. juni 2000) er ein norsk fotballspelar som spelar for Vålerenga.

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Bjelde byrja karrieren i Sogndal, der ho blant anna gjorde seg merka som einaste jente på G14-laget på Norway Cup i 2014.[1] Vårsesongen 2016 spela ho for Kaupanger i 2. divisjon.

Arna-Bjørnar (2016–2021)[endre | endre wikiteksten]

Som 16-åring vart Bjelde henta til Arna-Bjørnar i Toppserien. I 2018 kom gjennombrotet då Bjelde hadde ein fantastisk sesong, og var ei viktig brikke i laget som tok bronse i Toppserien.[2] Ho vart kåra til årets spelar i Arna-Bjørnar, og nominert til årets gjennombrot i Toppserien.[3][4]

Tidleg i 2019 pådrog ho seg ein krossbandskade som sette ho ut av spel frå fotballen i eitt år.[5] Etter å ha komme tilbake frå skaden slo ho sterkt tilbake året etter, og vart løna med å bli teke ut på A-landslaget for fyrste gang.[6] Ho vart også kåra til årets spelar i Arna-Bjørnar i 2020.[7] Som 21-åring vart ho utnemnd til kaptein i Arna-Bjørnar.[8]

Vålerenga (2021–)[endre | endre wikiteksten]

18. juli 2021 vart det kjent at Bjelde hadde signert for Vålerenga.[9] Med Vålerenga var ho med å vinne cupmeisterskapen i sin fyrste sesong, og ho vart kåra til banens beste i cupfinalen mot Sandviken.[10]

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Bjelde har landskampar for J15, J16, J17, J19, U23 og A-landslaget til Noreg.[11]

Bjelde vart teken ut på det norske A-landslaget for fyrste gong i oktober 2020.[6]

Etter eit forfall i den norske troppen, vart Bjelde innkalla til laget som skulle til EM i England 2022.[12]

Bjelde debuterte for A-landslaget den 7. oktober 2022, i ein privatlandskamp mot BrasilUllevaal Stadion.[11][13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Her herjer Thea (14) med gutta i Norway Cup». www.dagbladet.no (norsk). Henta 9. februar 2022. 
  2. Lio_Sid, Norske Fotballkvinner (15. februar 2021). «Fotballvirtuosen fra Sogndal: Thea Bjelde(20)». Norske Fotballkvinner (norsk bokmål). Henta 26. juni 2022. 
  3. Øren, Keth (10. september 2020). «Slo tilbake etter kneskade - no får Thea stipend». Sogn Avis (norsk). Henta 26. juni 2022. 
  4. «Disse talentene kan bli kåret til «årets gjennombrudd»». www.aftenposten.no (norsk bokmål). Henta 26. juni 2022. 
  5. Christensen, Stine (5. mai 2019). «(+) Nye skader hos Arna-Bjørnar: – Fryktelig!». Bergensavisen (norsk). Henta 9. februar 2022. 
  6. 6,0 6,1 Johnsen, Jonas (12. oktober 2020). «(+) Tatt ut på landslaget: – Skjønte ingenting da jeg ble bombardert med meldinger!». Bergensavisen (norsk). Henta 9. februar 2022. 
  7. «Arna Bjørnar Toppfotball - Thea Bjelde mottok i dag prisen for Arna-Bjørnars beste spiller i 2020 sesongen 🎉 Thea er kjent som en ekte kriger og spilte alle obligatoriske kamper i 2020. Etter sin korsbåndskade i 2019 kom hun tilbake på banen og gjorde en kjempeinnsats som ble kronet med uttak til A-landslaget og årets spiller i AB. For et `comeback` - GRATULERER | Facebook». www.facebook.com (norsk bokmål). Henta 26. juni 2022. 
  8. Tørre, Michael (20. juni 2021). «Fra skademareritt til kaptein. Nå har Thea (21) et klart mål: - Skal jobbe beintøft». Nettavisen (norsk). Henta 9. februar 2022. 
  9. Dalsegg, Jens August (18. juli 2021). «Thea Bjelde har signert!». Vålerenga Damefotball (norsk bokmål). Henta 9. februar 2022. 
  10. Fotballforbund, Norges. «Vålerenga er cupmester: - Det er fantastisk». fotball.no - Norges Fotballforbund (norsk). Henta 26. juni 2022. 
  11. 11,0 11,1 Fotballforbund, Norges. «Thea Bjelde - Profil». fotball.no - Norges Fotballforbund (norsk). Henta 29. juli 2022. 
  12. NTB, Av. «Ny VIF-spiller in i EM-troppen». Dagsavisen (norsk). Henta 29. juli 2022. 
  13. Sander, Christian Grieg (7. oktober 2022). «Riise-smell i pinlig tap mot Brasil – Norge ydmyket». NRK (norsk bokmål). Henta 8. oktober 2022.