Spanskesjuka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mellombels sjukehus for pasientar med spanskesjuke i Oakland i California i 1918.

Spanskesjuka, eller spanskesykja, var ein verdsfemnande influensaepidemi som truleg tok livet av minst 30 millionar menneske i åra 191819. Ei siste influensabølgje vinteren 1920 vert gjerne au rekna til spanskesjuka.

Spanskesjuka starta truleg i ein militærleir i Kansas i USA våren 1918. Dette var under den første verdskrigen, og epidemien vart ført vidare til Frankrike og Europa med amerikanske soldatar. Deretter var det Spania sin tur. Influensaepidemien enda som kjent opp med å verte kalla «spanskesjuka». Dette har samanheng med Spania sin nøytralitet under den fyrste verdskrigen - mangelen på pressesensur gjorde at dei var det fyrste landet som publiserte nyheiter om epidemien. Då Portugal vart ramma av den same sjukdommen som nabolandet, kalla dei han for «spanskesjuka», og dette vart namnet epidemien gjekk under både i samtida og ettertida.

Spanskesjuka i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Det har vorte estimert at 1,2 millionar nordmenn vart smitta. Av desse er det grunnlag for å tru at ca. 15 000 døydde. Dødstala var høgast blant samar, truleg grunna av manglande immunitet frå tidlegare pandemiar. Spanskesjuka greip om seg i tre bølgjer; sumaren 1918, hausten 1918 og vinteren 1918/1919. Det har vore litt usemje om korleis spanskesjuka kom til Noreg, og om kva del av landet som først vart råka. Både Kristiania og Bergen har vore peika ut som utgangspunkt. Truleg var det Kristiania som var utgangspunktet for spreiinga av spanskesjuka i Noreg. Dei fyrste sjukdomsstilfella oppstod i Kristiania 15. juni 1918, truleg etter smitteimport frå Skottland, medan det i Bergen ikkje vart rapportert om tilfelle før i slutten av juni. Dette vart starten på «sumarepidemien», eit relativt mildt åtak. Den andre sjukdomsbølgja, «haustepidemien», starta i september-oktober og kulminerte i november-desember. Dette var det mest alvorlege åtaket med dei høgaste dødstala. Ei ny bølgje; «vinterepidemien» løyste av haustepidemien i desember og varte utover våren 1919. Spanskesjuka vart spreidd utover heile landet med kommunikasjonsmiddel som jernbane og båttrafikk. I Sør-Noreg var jernbanen sentral for smittespreiing, mens Hurtigruten var ein viktig spreiingsagent i Nord-Noreg. I hovudsak var det slik at byar og større tettstader fekk sjukdommen fyrst, fordi kommunikasjonsmiddel gjorde desse mest eksponert for smitte. Epidemien vart spreidd derfrå til mindre stader.[1]

Spanskesjuka i Bergen[endre | endre wikiteksten]

I Bergen kom dei fyrste tilfella i starten av juli 1918, etter at Bergens Tidende 26.juni hadde meldt at det var brote ut influensa blant tyske troppar på Vestfronten. Hausten 1918 meldte avisa at det var mangel på likkister i Trondheim, og at butikkane i Kristiansund var tome for likklede. Mot slutten av september 1918 var spanskesjuka tilbake i Bergen. Spaltevis med dødsannonsar gjorde det naudsynt for Sundhetsvesenet å oppmode folk om ikkje å få panikk.

Der alle samlingsplassar vart stengde andre stader i Europa for å hindre smitte, meinte bergenske helsestyresmakter at spanskesjuka ikkje let seg førebyggje. Tvert om meinte einskilde at slike tiltak kunne forskuve epidemien til ei kaldare årstid med påfølgjande større risiko for komplikasjonar og død, og når skulane vart stengde i periodar, skuldast det rett og slett at lærarane låg sjuke. I staden vart det satsa på betra reinhald på skular, serveringsstader og andre offentlege stader. På trikkane vart eigne kontrollørar sette til å hindre spytting. Ein plakat heldt fram at «Den, der spytter overalt, staar paa samme stadium som hunden, som farer bortom hver væg.» At nordmenn då var meir vane med smittsame, døyelege sjukdommar enn i dag, går fram av Bergens Tidende som ikkje eingong nemnte spanskesjuka i årskavalkadane sine for 1918 og 1919. Dr Birger Øverland fortalde at han sjølv i epidemiens siste månader ofte vart spurd om sjukdommen eigentleg var smittsam.

Tredje runde følgde i årsskiftet 1918/19. No vart Loddefjord-området vest i Bergen hardast ramma. Dei overfylte sjukehusa frykta no at dei kunne verte tvinga til å avvise sjuke. Den siste og fjerde runden kom ut på nyåret og var mykje svakare. Bergens Tidende brakte råd frå tidas medisinske ekspertise: Det vart råda til reinsemd og å unngå menneskemengder - ikkje minst mjølkekøar og køar ved rasjoneringskontora. Ein lurte også på om telefonrøyr kunne føre over smitte, og om kvikksølvhaldig salve i nasebora kunne verne mot smitte. Det vart råda til innanding av tjære; ein kunne stikke ein glødande strikkepinne i ein kopp tjære for å puste inn røyken.

Dette var under forbodstida, og somme mistenkte at den store dødelegheita rett og slett kom av bruk av alkohol som medisin. Andre understreka kor viktig det var med ein kur pasientane hadde trua på – og det hadde dei til alkohol. Dr. Falkenberg skreiv ut så mange som 8 895 reseptarkonjakk og vart stilt for retten på grunn av dette. (Han vart frikjend.) Dr C. Engelbreth mente at sjukdommen smitta via loppestikk, medan andre mistenkte at alle gassane som hadde vore brukt under verdskrigen hadde forgifta lufta sjølv i Noreg, som låg langt unna fronten, og nedsette motstandskrafta til lungene.[2]

Forvitnelege fakta[endre | endre wikiteksten]

Eksperimentet på Deer Island[endre | endre wikiteksten]

Spanskesjuka herja hardt i Sambandsstatane. I ein freistnad på å utvikla ein vaksine, utførte amerikanske styresmakter medisinske eksperiment på friviljuge i eit militærfengsel på Deer Island i Boston Harbor. Fangane vart lovde fridom dersom dei overlevde dei ekstreme testane.

Først vart fangane injiserte med vev tatt frå dei som hadde døydd av spanskesjuka. Deretter vart dei spraya i augo, nasen og munnen med smittestoff. Viss dei likevel ikkje vart sjuke, fekk dei svelget innsmurd med sekret frå dei sjuke og døyande. Dei som trass dette framleis var oppegåande, måtte sitja med open munn medan ein alvorleg sjuk pasient vart støtta opp og tvinga til å hosta dei i andletet.

Utruleg nok var det 300 menn som melde seg friviljug til dette eksperimentet. Lækjarane valde ut 62 av desse til å gjennomgå testane. Ingen av deltakarane vart sjuke – ikkje éin. Den einaste i fengselet som vart smitta med influensaen, var fengselslækjaren, som raskt døydde. Forklaringa på dette er truleg at viruset hadde herja i fengselet eit par veker tidlegare, og alle deltakarane i eksperimentet var fangar som hadde overlevd utbrotet og var naturleg immune.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.researchgate.net/publication/41758316_Diffusjon_av_influensa_i_Norge_under_spanskesyken_1918-19/file/79e4150d36cd2713d7.pdf Svenn-Erik Mamelund: "Diffusjon av influensa i Norge under spanskesyken 1918-19"
  2. Dr Cecilie Bredrup: «Da spanskesyken kom til Bergen», kronikk i Bergens Tidende 30.april 2006.
  3. Bill Bryson: En kort historie om nesten alt, forlaget Gyldendal, Oslo 2005, ISBN 82-05-33391-2

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Spanskesjuka