Springaren Kristi Vangje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Springaren Kristi Vangje er rekna som ein typisk hallingspringar, med variantar i Numedal, Krødsherad og Valdres. I Hallingdal skriv slåtten seg frå spelemannen Ola A. Strand, som er rekna som hovudkjelda. Kristi Vangje var søster til far av Ola, og slåtten fekk namn etter Kristi av di ho totte svært godt om springaren, og lika å danse til han. Det er difor rineleg å tru at slåtten er knytt til strandaspelet, ein av dei to tradisjonslinene i Ål. På eldre dagar er det fortald at Kristi Vangje tok til tårene når slåtten vart spela. Det er strandavarianten av slåtten som ber namnet Kristi Vangje.

Forma etter Ola Dekko er kalla Hallingjenta. Denne forma har og vore nytta i Krødsherad. Slåtten kom til Valdres med Ulrik Jensestogun, og springaren har namn etter han der. I Numedal er slåtten gjerne kalla Ola Huken. Det ser ut til at forma Hallingjenta med variantar har hatt større spreiing enn forma etter Ola A. Strand. Skilnaden på formene er at Dekkaforma byrjar på kvinten, medan Strandaforma byrjar på tersen. I dag er det likevel forma etter Ola A. Strand som er mest kjend.

Slåtten er nok tolleg gamal, og har heime i Buskerud. I dag er det ikkje lett å finne ut om han opphavleg kom frå Hallingdal eller Numedal, sjølv om det er i Hallingdal ein finn flest former.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Slåttegruppa har katalognummer 503 i hardingfeleverket. Varianten frå Krødsherad er ikkje teken med i lista (ein variant av Hallingjenta).