Spydnebbdukkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Spydnebbdukkar
I hekkedrakt ved Catagena, Santiago de Chile.
I hekkedrakt ved Catagena, Santiago de Chile.
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Spydnebbdukkar
Utbreiinga av Spydnebbdukkar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Podicipediformes
Familie: Dukkarfamilien Podicipedidae
Slekt: Podiceps
Art: Spydnebbdukkar P. major
Vitskapleg namn
Podiceps major

Spydnebbdukkar (Podiceps major) er den største medlemmen i dukkarfamilien, Podicipedidae. Han lever i Sør-Amerika, frå Paraguay og sørlegaste Brasil sørover til Tierra del Fuego. Ein åtskild populasjon lever i kystområda av Peru.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Målt mot kroppslengda til toppdukkar i Noreg, ca. 55 cm, er dette ein stor vassfugl. Spydnebbdukkarar varierer i kroppslengde frå 67 til 77 cm og veg vanlegvis rundt 1,6 kilogram. Dei har proporsjonar meir som ein skarv enn ein typisk dukkar. Spydnebbdukkaren har lang hals og langt, dolkeliknande nebb. Det mest iaugefallande med fjørdrakta i hekkedrakt er raudbrun front av hals og bryst. Oversida gråbrun og nakken er mørk grå, hovudet er sotfarga med stenk av bleika kinn. I paringstida reiser dei ein mørk, hanekamforma fjørtopp, og dei raudbrune, korte halefjørene kan reise seg. Fjørtopp pg nakke kan ha grønglans. Undersida, buken, er lys. Iris er skildra som mørk raud til mørkebrun. Hofuglar er litt mindre enn hannar, og kan ha lysare kinn og nebb. Som hos andre dukkarar i slekta Podiceps er vinterdrakta bleikare og meir diffus i fargene.

Habitat[endre | endre wikiteksten]

Denne arten trivst på opne vassflater mellom havnivå og 1200 moh. Dei fleste fuglane blir observerte på innsjøar i låg høgde og på elvar som rører seg sakte, ofte omgjeve av vegetasjon, og dessutan ved våtmarker. I hekketida vil dei gå inn i område med meir vegetasjon utanfor store innsjøar. Utanom hekkesesongen vil dei fleste fuglane trekke til kystar med estuar og havbukter, av og til blir dei sett på ope hav. Ikkje-hekkefuglar kan leve langs kysten heile året.

Desse fuglane er utbreidde og vanlege gjennom det meste av utbreiingsområdet sitt. Mykje av dei opphavlege habitata deira er lite påverka av menneske, spesielt i dei sørlege delane av utbreiingsområdet. Arten er kategorisert som livskraftig (LC) av Birdlife International.[1]

Føde[endre | endre wikiteksten]

Spydnebbdukkarar lever på ein diett for det meste av fiskar, nokon gongar over 11 cm lange, men vanlegvis mindre. Den noko mindre arten flodskarv, Phalacrocorax brasilianus, overlappar heile utbreiingsområdet til spydnebbdukkar, og er delvis ein konkurrent i matfatet sjølv om han i større grad er rein fiskeetar og føretrekker noko større fiskar. Spydnebbdukkarar tar òg insekt, krepsdyr og blautdyr. Om vinteren kan krabbar langs kysten gjere ut for ein monaleg del av føda, og om sommaren kan desse fuglane òg ta ungar av andre vassfuglar, spesielt av sothøns, Fulica.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha levd i grupper på opptil hundrevis gjennom vinteren, flyttar desse fuglane inn i landet for å hekke. Dei fleste populasjonane legg egg frå oktober til januar, gradvis seinare sørover. I den isolerte Peru-populasjonen skjer hekkinga allereie i september og oktober, med eit mogleg andre kull i januar eller februar. Reira dannar flytande plattformar av vassplantar. Dei er moderat sosiale når dei hekkar, og dannar av og til koloniar. Kullet er på tre til fem egg, nokon gangar seks. To kull i året, eller kanskje fleire, kan førekomme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger i stor grad på «Great grebe» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mai 2022.
  • Llimona, F., J. del Hoyo, F. Jutglar, and G. M. Kirwan (2020). Great Grebe (Podiceps major), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.gregre1.01
Referansar
  1. BirdLife International (2022) Species factsheet: Podiceps major. Henta den 26. mai 2022

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Spydnebbdukkar