St. Helena, Ascension og Tristan da Cunha
Flagg | Våpen |
Status | Britisk oversjøisk territorium |
---|---|
Dronning Guvernør Administrator for Ascension Administrator for Tristan da Cunha |
Elizabeth II Mark Capes Colin Wells Sean Burns |
Hovudstad | Jamestown |
Offisielt språk | Engelsk |
Areal - % vatn |
420 km² ubetydeleg |
Folketal - totalt |
ca. 5661 (2008) |
Verdsdel | Atlanterhavet |
Internet-domene | .sh og .ac |
Tidssone | UTC +0 |
Internasjonal telefonkode | +290, +247 |
Nasjonalsong | God Save The Queen |
St. Helena, Ascension og Tristan da Cunha er eit britisk oversjøisk territorium som består av øyane St. Helena, Ascension og øygruppa Tristan da Cunha. [1] Ascension og Tristan da Cunha var underlagt St. Helena fram til 1. september 2009, då ei ny grunnlov tok kraft som gav dei tre områda jamstilt status innanfor territoriet.
Administrativt og geografisk er territoriet inndelt i tre delar som blir styrt av kvart sitt råd. Guvernøren for territoriet styrer det lovgjevande rådet for St. Helena, medan han/ho må representerast av ein administrator kvar på Ascension og Tristan da Cunha, som styrer øyråda på desse stadene.
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen byggjer på «St. Helena, Ascension og Tristan da Cunha» frå Wikipedia på bokmål, den 8. april 2012.
Fotnote[endre | endre wikiteksten]
- ↑ CIA World Factbook, arkivert frå originalen 2010-12-28, henta 8. april 2012