Stafford Cripps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sir Richard Stafford Cripps

Sir Richard Stafford Cripps (24. april 188921. april 1952) var ein britisk sosialist og framståande politikar frå Det britiske arbeidarpartiet Labour Party.

Han var fødd i London som son av ein konservativ parlamentsmedlem, utdanna ved privatskule og University College i London. Han vart advokat, og gjorde teneste under første verdskrigen som ambulansesjåfør.

I 1930 slutta han seg til Labour. I 1931 vart han utnemnd til Regjeringsadvokat i den andre Labour-regjeringa. Med denne posisjonen var det sedvanen at det følgde eit riddarskap, slik at han vart Sir Stafford Cripps. Han stilte som kandidat til parlamentet for arbeidarkrinsen Bristol East i eit suppleringsval, og vart innvald derfrå. Han utvikla seg raskt i venstre-retning og vart ein tydeleg og radikal sosialist, sjølv om hans sterke tru på evangelisk kristendom hindra han i å bli marxist. Etter det allmenne valet i 1931 vart Cripps nummer tre i rang i parlamentsgruppa til Labour, etter leiaren George Lansbury og nestleiaren Clement Attlee.

I 1932 var han ein av grunnleggjarane av Socialist League, Den sosialistiske ligaen, som i hovudsak bestod av medlemmer av Independent Labour Party ILP som ikkje var samde i at dette partiet hadde brote ut av Labour-paraplyen. Socialist League stod for ein nokså streng men demokratisk sosialisme. Stafford Cripps, høg, tynn og intens, vart arketypen på ein britisk doktrinær sosialist frå overklassen.

Cripps gjekk tidleg inn for einskapsfront mot den fascistiske trusselen. I 1936 fekk han sett i gang ein einskapskampanje som omfatta Socialist League, ILP og Det britiske kommunistpartiet CPGB, for å skape eit valforbund mot høgresida. Kampanjen vart ikkje vellykka, da han vart motarbeidd av leiarskapen i Labour, og Cripps måtte oppløyse Socialist League i 1937 da han vart trua med eksklusjon frå Labour. Men avisa Tribune, starta som kampanjeorgan for einskapskampanjen med pengar frå Cripps og George Strauss, overlevde og finst den dag i dag. I 1939 vart Cripps ekskludert (utestengd) frå Labour likevel, fordi han gjekk inn for å skipe ein folkefront med kommunistane og dei blant dei konservative og liberale som var imot appeasementpolitikken til den konservative regjeringa.

Da Winston Churchill danna krigsregjeringa si i 1940, utnemnde han den no partilause Stafford Cripps til ambassadør til Sovjetunionen. Etter at Hitler gjekk til åtak på Sovjet 22. juni 1941, vart Cripps ein nøkkelfigur i å smi alliansen mellom vestmaktene og Sovjetunionen.

I 1942 kom Cripps tilbake til Storbritannia og tala i radioen om den sovjetiske krigsinnsatsen. Den folkelege responsen var fenomenal, og Cripps vart raskt ein av dei mest populære politikarane i landet, sjølv om han ikkje hadde noko parti i ryggen. Han vart utnemnd til medlem av krigskabinettet, den indre regjeringa, og vart sidan send til India for å forhandle fram ei ordning med sjølvstendeforkjemparane for å halde India lojal så lenge krigen varte mot lovnad om sjølvstende etterpå. Sidan i 1942 vart han statsråd for flyproduksjon. I 1945 vart han medlem i Labour att.

Da Labour vann valet i 1945, utnemnde Clement Attlee Stafford Cripps til president i handelsstyret, den nest viktigaste økonomiske stillinga i regjeringa. Sjølv om han framleis var venstresosialist, hadde han moderert synet sitt nok til å kunne arbeide utan særlege problem saman med dei andre statsrådane frå Labour. I Storbritannia sin desperate økonomiske situasjon etter krigen, vart Cripps assosiert med den strenge rasjoneringspolitikken som heldt fram i den første etterkrigstida. Han handheva rasjoneringa like strengt for alle sosiale klassar og lag, og dette gjorde han særleg dårleg lika mellom dei velståande, spesielt også fordi han i utgangspunktet var ein av dei.

Cripps var i India att etter krigen, men kunne ikkje hindre at sjølvstendeprosessen førte til deling av landet. Tilbake i Storbritannia vart han så statsråd for økonomiske saker og sidan finansminister, og han arbeidde utrøtteleg for å få landet ut av dei økonomiske vanskane. Han auka skattane for å freiste å stabilisere pundet og fremje eksporten. Han støtta sterkt nasjonaliseringa av nøkkelindustriar som kol og stål.

Sjølv om Cripps sin strenge måte å vere på og politikken hans gjorde han upopulær særleg blant dei meir velståande, vann han respekt for overtydinga si, og for innsatsen for gjenreisinga av landet. I 1950 braut helsa hans saman under presset og i oktober det året måtte han gi frå seg stillinga si. Han trekte seg tilbake frå parlamentet same månaden, og vart etterfølgd som parlamentsmedlem for Bristol South-East av Tony Benn.

Stafford Cripps døydde to år seinare i Sveits.