Stefan Holm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stefan Holm
Stefan Holm 2013.jpg
Fødd 25. mai 1976
Forshaga
Yrke friidrettsutøvar
Stefan Holm på Commons
Stefan Holm i 2014

Stefan Christian Holm (fødd 25. mai 1976) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar som konkurrerte i høgdehopp. Han vann OL-gull i 2004, og tok i tillegg to EM-medaljar og ein VM-medalje i øvinga. 181 centimeter høge Holm var relativ kortvaksen til høgdehoppar å vere, men makta likevel å hevde seg mot verdseliten i over ti år. Innandørs sikra han seg fire VM-gull og to EM-gull.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Holms internasjonale gjennombrot kom under Sommar-OL 2000 i Sydney der han vart nummer fire med 2,32 m. Nokre månader seinare vann han det fyrste av fire gullmedaljar i innandørs-VM; 2001, 2003, 2004 og 2008. Han trivdes openbert godt innandørs, også i innandørs-EM fekk han med seg to gullmedaljar, 2005 og 2007.

Utandørs vann han sølvemdaljar i både EM 2002 og VM 2003. 2004 vart hans store jubelår som høgdehoppar. Etter han hadde sigra i innandørs-VM i Budapest, vann han den olympiske gullmedaljen i sommarleikane i Aten, før han avrunda sesongen med siger i IAAF-finalen i Monaco.

Etter OL i Aten sikra han seg nye innandørs-triumfar, utandørs fekk han ein bronsemedalje i europameisterskapen på svensk heimebane i 2006. Han avslutta med fjerdeplassar både i friidretts-VM 2007 og Sommar-OL 2008. Holm forbetra sin personleg rekord utandørs til 2,37 m i 2008. Innandørs svinga han seg over 2,40 m då han vann EM-gull i Madrid i 2005.

Holm under VM 2007 i Osaka

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap, utandørs[endre | endre wikiteksten]

Personlege rekordar[endre | endre wikiteksten]

  • Utandørs: 2,37 m (13. juli 2008, Aten)
  • Innandørs: 2,40 m (6. mars 2005, EM Madrid)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]