Stinius Fredriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stinius Fredriksen
Fødd 11. mars 1902
Stavanger kommune
Død

7. juni 1977
Oslo

Yrke bilethoggar, kunstmålar
Stinius Fredriksen på Commons
"Dommedag" frå Vestfronten på Nidarosdomen - modellert av Fredriksen i 1948

Stinius Fredriksen (11. mars 19027. juni 1977) var ein norsk bilethoggar og målar.

Stinius Fredriksen vart fødd i Stavanger. Han studerte under Wilhelm Rasmussen på kunstakademidet 1921-1923, under Émile Antoine Bourdelle i Paris 1923-1924 og under Charles Despiau i 1928 og 1933.

Han har laga mange offentlege minnesmerke som ein mellom anna kan sjå i Oslo, Stavanger, Trondheim og Kirkenes. Frå 1927 jobba han med vestfronten på Nidarosdomen og var ansvarleg for mange av statuane der. I Bergen kan ein sjå skulpturar av kunstnaren på tinghuset. I Stavanger domkyrkje er han blant anna ansvarleg for statuen av sankt Svithun på austfasaden. Han laga ein skulptur av Sankt OlavWashingtonkatedralen.

Han har òg laga statuar blant anna av Franklin D. Roosevelt og Lars Hertervig.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]