Stavanger domkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stavanger domkyrkje
domkyrkje
Austfronten av Stavanger domkyrkje.
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Stavanger
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Stavanger
Prosti Stavanger
Innvigd Omkring 1125
 - Vigd til Sankt Svithun
 - Endringar Nytt kor og ombygging mellom våpenhus og skipet etter brann i 1272. Restaureringar i 1554–56, 1743, 1866–74 og i 1999.
Preikestol 1658 av Andrew Smith
Døypefont Gotisk, truleg perioden 1250–1300
Altar Altarbord, glasmåleri av Viktor Sparre 1957
Sitjeplassar 750
Kart
Stavanger domkyrkje
58°58′11″ N 5°43′59″ E
Wikimedia Commons: Stavanger domkirke
Preikestolen i Stavanger domkyrkje.

Stavanger domkyrkje er den eldste domkyrkja i Noreg, frå 1100-talet, hovudsakleg bygd i kleberstein. Ho er hovudkyrkja i Stavanger bispedøme. Kyrkja ligg ved Breiavatnet midt i Stavanger. Like ved ligg Stavanger katedralskole.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Biskop Reinald, som skal ha kome frå Winchester i England, starta på byrjinga av 1100-talet med å byggja ei domkyrkje i Stavanger. Katedralen stod ferdig kring 1125 eller noko seinare. Byen Stavanger reknar 1125 som det året då byen vart grunnlagd. Katedralen vart vigsla til treeininga og den heilage Svithun, som var vernehelgen for byen.

Vestsida og inngangen til domkyrkja,
Foto: Helge Høifødt

Stavanger vart herja av brann i 1272, og kyrkja vart sterkt skadd. Kyrkja vart bygd opp att av biskop Arne. Kyrkja hadde frå starten vore bygd i romansk stil, men vart bygd på i gotisk stil. Biskop Arnes kor med den storstilte gotiske austfronten vart reist. I tillegg vart det reist eit smalt tilbygg i vest, vestfronten.

Herjingar[endre | endre wikiteksten]

Etter reformasjonen blei kyrkja plyndra og relikviar brunne av kommandant Thord Rod. I 1558 henta danskekongen ut fem av kyrkjeklokkene, som ein endå skal kunna høyra utanfor Håstein, der skipet som bar dei forliste.

I 1682 avgjorde kong Kristian V av Danmark-Noreg at bispesetet i Stavanger skulle flyttast til Kristiansand. Bispesetet og Stavanger bispedøme vart oppretta att til Stavanger og domkyrkja sitt åttehundreårsjubileum i 1925. Kong Haakon VII av Noreg sette inn Jacob Christian Petersen som den fyrste biskopen av Stavanger på 250 år.

Restaurasjon[endre | endre wikiteksten]

I samband med ei restaurering i 1860-åra vart katedralen endra på utsida. Steinveggane vart pussa og måla over. Kyrkja hadde ikkje lenger så sterkt preg av mellomalderen. Ei større restaurering under leiing av Gerhard Fischer frå 1939 til 1964 førte mykje av mellomalderpreget attende. Det vart mellom anna sett inn nye skulpturar på austfronten av kyrkja. Ei større restaurering vart òg gjort i 1999.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Stavanger domkyrkje