Stjertmeis
| Stjertmeis | |
Stjertmeis | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Status i Noreg: Utbreiinga av stjertmeis | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
| Familie: | Stjertmeisfamilien Aegithalidae |
| Slekt: | Aegithalos |
| Art: | Stjertmeis A. caudatus |
| Vitskapleg namn | |
| Aegithalos caudatus | |
Stjertmeis (Aegithalos caudatus) er ein meiseliknande sporvefugl i stjertmeisfamilien. Fuglen er utbreidd i mesteparten av skogbeltet i palearktis, med unnatak av Island og Nord-Afrika. I Noreg finst fuglen i lauv- og blandingsskog i Sør-Noreg nord til Trondheimsfjorden, meir spreidd lengre nord og i Nordland og Troms. Han er ein sjeldan streiffugl i Finnmark.[2] Hekkeområda er som oftast frodige og høgproduktive lokalitetar, ofte med høgstamma skog. Arten hekkar sjeldan i dei ytre og mest eksponerte kystområda på Vestlandet og i Trøndelag. Stjertmeisa likar best fuktige biotopar som t.d. orebelter langs vassdrag, bekkedalar og sumpskogområde. Fuglane treng ikkje større samanhengande skogområde og finn gode hekkelokalitetar i lauvskogrike kulturlandskap, spesielt der det framleis finst våtmarker.
Utsjånad
[endre | endre wikiteksten]Fuglen er ca. 16 centimeter lang og 7-9 gram. Han har lang stjert, kort nebb, kvitt hovud og er rosa på skuldrene og sidene. Ryggen er svart.
Levevis
[endre | endre wikiteksten]Stjertmeis er ein stand- og streiffugl, men somme år med ujamne mellomrom kjem det invasjonar frå aust. Dette kan hende i alle delar av landet. Hekkebestanden i Noreg varierer mellom 5000 og 20000 par. Stjertmeisa et mest insekt heile året. Om vinteren streifar stjertmeis rundt i små flokkar som oftast er sett saman av eit par foreldrefuglar og avkomet deira frå siste hekkesesong. Tidleg på våren, ofte i mars, vert flokkane splitta opp i par. Det vert utveksla individ mellom vinterflokkane, helst ved at unge hoer flyttar over i andre flokkar.
Fuglen byggjer kunstferdige reir. I april-mai legg hoa 10-12 egg. Desse vert ruga i 12-14 døgn. Ungane blir i reiret
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk ornitologisk forening
- Dansk ornitologisk forening
- Miljølære
- Norsk Fugleatlas, 1994.
- Referansar
- ↑ Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (2021-11-24). «Fugler: Vurdering av stjertmeis Aegithalos caudatus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021». Artsdatabanken. Henta 2022-03-13.
{{cite web}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link) - ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 2022-03-13. Henta 2022-03-13.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Norsk ornitologisk forening
- Dansk ornitologisk forening
- Miljølære
- Norsk Fugleatlas, 1994.