Storm av Victor Crone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Storm»
Song av Victor Crone
Land Estland
Språk Engelsk
Utgjeve 21. desember 2028
Sjanger Pop
Lengd 03:05
Selskap Star Management
Låtskrivar(ar) Stig Rästa, Vallo Kikas, Victor Crone, Sebastian Lestapier, Fred Krieger

«Storm» er ein song med den svenske songaren Victor Crone. Han var det estiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Ein av låtskrivarane til «Storm», Stig Rästa, skreiv òg dei estiske bidraga til Eurovision Song Contest i 2015 og 2016.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Victor Crone framfører «Storm» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019.

«Storm» var eit av 24 bidrag i den estiske songtevlinga Eesti Laul 2019, arrangert av kringkastaren ERR. «Storm» kvalifiserte seg frå semifinalen 31. januar og vann seinare finalen 16. februar 2019 i Saku Suurhall i Tallinn. Gjennom sigeren vart «Storm» det estiske bidraget til Eurovison Song Contest.[1][2]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I januar 2019 vart Estland trekt til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel tysdag 14. mai, og Estland hadde startnummer 14.[3] «Storm» enda blant dei ti beste i semifinalen og kvalifiserte seg til finalen laurdag 18. mai.[4] I finalen vart songen nummer 20 av 26 deltakarar.[5]

I Eurovision Song Contest stilte Crone med koristane Kaire Vilgats, Dagmar Oja, Kaido Põldma, Lars Gunnar Säfsund og låtskrivaren Stig Rästa.[6]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2019) Høgaste

plassering

Flag of Estonia.svg Estland (Singlid tipp-40)[7] 3
Flag of Estonia.svg Estland (Eesti lood tipp-40)[7] 1
Flag of Lithuania.svg Litauen (AGATA)[8] 56
Flag of Scotland.svg Skottland (Official Charts Company)[9] 56
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia (UK Download)[10] 59
Flag of Switzerland.svg Sveits (Schweizer Hitparade)[11] 91
Flag of Sweden.svg Sverige (Sverigetopplistan)[12] 39

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Victor Crone - Estonia — Tel Aviv 2019». Henta 7. mai 2019. 
  2. «Victor Crone to sing 'Storm' for Estonia in Tel Aviv!». 16. februar 2019. Henta 7. mai 2019. 
  3. «First Semi-Final of Tel Aviv 2019». EBU. Henta 7. mai 2019. 
  4. «First Semi-Final: 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». 14. mai 2019. Henta 15. mai 2019. 
  5. «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019. 
  6. «Algab uus eurolaulu ajastu: Eesti delegatsioon läks Eurovisioonile maksimumi võtma» (på estisk). 4. mai 2019. Henta 7. mai 2019. 
  7. 7,0 7,1 «EESTI TIPP-40 MUUSIKAS: Ajalooline hetk – nublu on esikohalt kukutatud». 25. februar 2019. Henta 6. juni 2019. 
  8. «Savaitės klausomiausi (TOP 100)» (på litauisk). AGATA. 24. mai 2019. Henta 3. desember 2019. 
  9. «Official Scottish Singles Sales Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 26. mai 2019. 
  10. «Official Singles Downloads Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 26. mai 2019. 
  11. «Victor Crone - Storm - hitparade.ch». Henta 26. mai 2019. 
  12. «Sverigetopplistan» (på svensk). Henta 26. mai 2019.