Victor Crone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Victor Crone
Melodifestivalen 2020, Malmö, Victor Crone 01.jpg
Fødd31. januar 1992 (30 år)
FødestadÖsterhaninge församling
AliasVic Heart
OpphavSverige
Aktiv2015–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka sommusikar, songar, låtskrivar, singer-songwriter

Victor Fritz-Crone (fødd 31. januar 1992), nokre gongar omtalt som Vic Heart, er ein svensk låtskrivar og songar. I februar 2019 vann han den estiske songtevlinga Eesti Laul og representerte Estland i Eurovision Song Contest 2019 med songen «Storm».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Crone er fødd og oppvaksen i Österåker utanfor Stockholm i Sverige, og i tenåra spelte han ishockey aktivt for IK Waxholm.[1]

Som 18-åring drog Crone til Los Angeles og Nashville der han skreiv songar saman med artistar som Diane Warren, Desmond Child og Eric Brazilian. I 2015 gav han ut debutsingelen «Burning Man», og han hadde vokalen på songen til rapparen Behrang Miri «Det rår vi inte för». Songen deltok i svenske Melodifestivalen i 2015, men nådde ikkje finalen.[2]

I 2015 gav han ut låten «Feelgood Day», som han hadde skrive saman med Ollie Olsson og David Lindgren-Zacharias. I 2017 følgde han opp med singlane «California» og «Sunshine and Rain», og i 2018 «Made Of».[2]

I 2019 vann Crone Eesti Laul, den estiske uttakinga til Eurovision Song Contest med songen «Storm». Denne hadde han skrive med Stig Rästa, Vallo Kikas og Fred Krieger. Crone representerte dimed Estland i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.[3] Der enda han på 20. plass i finalen med 76 poeng.[4]

I 2020 deltok Crone i Melodifestivalen med songen «Troubled Water». Han kvalifiserte seg til finalen og enda til slutt på niandeplass med 57 poeng.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Victor Fritz Crone at eliteprospects.com» (på engelsk). Henta 16. februar 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Victor Crone» (på engelsk). Henta 16. februar 2019. 
  3. «Victor Crone». eurovision.tv. Henta 16. februar 2019. 
  4. «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019. 
  5. Thornéus, Ebba; Demirian, Natalie; Ek, Torbjörn (7. mars 2020). «The Mamas vinner Melodifestivalen 2020». Aftonbladet (på svensk). Henta 8. mars 2020.