Bless the Weather

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bless the Weather
Studioalbum av John Martyn
Utgjeve November 1971
Innspelt Mai 1971
Studio Sound Techniques i London
Sjanger Folkrock, folkjazz
Lengd 37:32
Selskap Island
Produsent John Martyn, John Wood
John Martyn-kronologi
The Road to Ruin
(1970)
Bless the Weather Solid Air
(1973)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
The Guardian4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [2]
Record Collector4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [3]

Bless the Weather er det femte studioalbumet til John Martyn, gjeve ut i november 1971. Etter å ha gjeve ut to album med kona si Beverley Martyn er dette det første albumet han gjorde solo igjen.

Då det kom ut fekk albumet den beste kritikken han hadde fått til då og er i dag eit av favorittalbuma til fansen hans hans[4] med songar som «Head and Heart» og tittelsporet. Albumet er hovudsakleg akustisk, men den inneheld den første verkelege echoplex-songen til Martyn med sporet «Glistening Glyndebourne». Gitareffekten nytta han på den akustiske gitaren sin. Martyn flytta til Hastings like før han han spelte inn albumet. I Hastings var fiske og turisme hovudnæringane og dette inspirerte til tittelsporet på plata, som tyder «velsigne vêret».

Enkelte av songane var skrive i studio same dag som dei vart spelt inn og oppfylte ønsket til Martyn om vere spontan.[5]. Danny Thompson spelte bass, medan Richard Thompson, Tony Reeves, Ian Whiteman og Roger Powell alle medverka på albumet. Heile albumet vart spelt inn på berre tre dagar.[4]

Bless the Weather fekk gode meldinga i musikkpressa då det kom ut. Martyn spelte på BBC Radio-programmet Live In Concert den 30. desember 1971. Han framførte «Head and Heart», «Singin’ in the Rain», «Bless the Weather» og ein tidleg versjon av «Outside In», som kom ut på albumet Inside Out i 1973.[6]

Musikkmagasinet Q valde Bless The Weather til eit av dei tolv essensielle folkemusikkalbuma gjennom tidene i 1999. I november 2007 vart Bless the Weather inkludert på lista til avisa The Guardian kalla '1000 Albums to Hear Before You Die'.[7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av John Martyn, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Go Easy»   4:15
2. «Bless the Weather»   4:29
3. «Sugar Lump»   3:43
4. «Walk to the Water»   2:49
5. «Just Now»   3:39
Side to
# Tittel Lengd
6. «Head and Heart»   4:54
7. «Let the Good Things Come»   3:05
8. «Back Down the River»   2:40
9. «Glistening Glyndebourne»   6:30
10. «Singin' in the Rain» (Nacio Herb Brown, Arthur Freed) 1:28
Bonusspopr på CD-utgåva frå 2005
# Tittel Lengd
11. «Walk to the Water» (Opptak 3) 3:34
12. «Bless the Weather» (Opptak 4) 5:37
13. «Back Down the River» (Opptak 1) 2:44
14. «Go Easy» (Opptak 4) 4:39
15. «Glistening Glyndebourne» (Opptak 1) 7:48
16. «Head and Heart» (Bandutgåva) 10:17
17. «May You Never» (Singelutgåva) 2:45

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]