The Tumbler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Tumbler
Studioalbum av John Martyn
Utgjeve Oktober 1968
Innspelt 11. juli 1968
Studio Regent Sound, Denmark Street i London
Sjanger Folkemusikk
Folkrock
Lengd 34:35
Selskap Island
Produsent Al Stewart
John Martyn-kronologi
London Conversation
(1967)
The Tumbler Stormbringer!
(1970)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]

The Tumbler var det andre studioalbumet til den engelske visesongaren John Martyn, gjeve ut på Island Records i oktober 1968. Albumet syner ei utvikling frå den førre viseplata hans med mellom anna mange bidrag frå jazzfløytespelaren Harold McNair.[1]

Albumet vart produsert av Al Stewart, men i følgje Stewart sjølv hadde han aldri produsert nokon før og hadde ikkje erfaring med opptaksutstyret, så alt han bidrog med var «oppmuntrande ord» eller «la oss ta den ein gong til».[2] Albumet vart spelt inn i mono, men plateselskapet hadde opphavleg ønskt å få det i stereo. I følgje Stewart: «Dei berre trykte 'stereo' på det likevel og så langt trur eg ikkje det er nokon som har lagt merke til det!»[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av John Martyn, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Sing a Song of Summer»   2:22
2. «The River»   2:59
3. «Goin' Down to Memphis»   3:12
4. «The Gardeners» (Bill Lyons) 3:15
5. «A Day at the Sea»   2:35
6. «Fishin' Blues» (Henry Thomas) 2:37
Side to
# Tittel Lengd
7. «Dusty»   3:07
8. «Hello Train»   2:36
9. «Winding Boy» (Jelly Roll Morton) 2:22
10. «Fly on Home» (Martyn, Paul Wheeler) 2:33
11. «Knuckledy Crunch and Slippledee-slee Song»   2:55
12. «Seven Black Roses»   4:02

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • John Martyn – vokal, gitar, munnspel, klaverinstrument
  • Harold McNair – fløyte
  • David Moses – kontrabass
  • Paul Wheeler – gitar
Teknisk
  • Al Stewart - produsent
  • Francine Winham - fotografi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hartenbach, Brett. «The Tumbler > Overview». Allmusic. Henta 4. april 2019. 
  2. 2,0 2,1 The Tumbler på Big Muff