Inside Out av John Martyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Inside Out
Studioalbum av John Martyn
Utgjeve Oktober 1973
Innspelt Juli 1973
Studio Island Studios i London
Sjanger Folkjazz, folkrock
Lengd 39:46
Selskap Island
Produsent John Martyn
John Martyn-kronologi
Solid Air
(1973)
Inside Out Sunday's Child
(1975)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Inside Out er det sjuande studioalbumet til den britiske visesongaren John Martyn, gjeve ut i oktober 1973.

Albumet vart spelt inn og miksa i London i juli 1973 og var kanskje hans mest eksperimentelle og jazzprega.[1] Opptaka vart gjort i løpet av få dagar, stort sett op natta. Det meste vart spelt inn live, utan redigering anna enn uttoning der det høvde seg.[2] Martyn har med seg Steve Winwood og Chris Wood frå Traffic, og den faste bassisten Danny Thompson på albumet. Mange av songane er dominert av Echoplex-effekten.

Albumet inneheld to favorittar blant fansen, «Fine Lines» og «Make No Mistake», i tillegg til to songar han ofte spelte på konsertane sine, «Outside In» og «Look In». Songen «Make No Mistake» har ein referanse til John Coltrane sin «A Love Supreme».

Ein 18 minuttar lang konsertversjon av «Outside In» finst på konsertalbumet Live at Leeds.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av John Martyn, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Fine Lines»3:49
2.«Eibhli Ghail Chiuin Ni Chearbhail» (Tradisjonell, arr. Martyn)3:06
3.«Ain't No Saint»3:37
4.«Outside In»8:22
5.«The Glory of Love» (Billy Hill)1:56
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Look In»2:55
7.«Beverley»3:53
8.«Make No Mistake»5:57
9.«Ways To Cry»3:00
10.«So Much in Love With You»2:51
Bonusspor på CD-utgåva frå 2005
Nr.TittelLengd
11.«Beverley/Make No Mistake» (Live frå Sounds of the SeventiesBBC Radio 1 10. oktober 1973)5:22
12.«Fine Lines» (Live frå Sounds of the Seventies)3:12
13.«Eibhli Ghail Chiuin Ni Chearbhail» (Live frå Sounds of the Seventies)2:57
14.«Outside In» (Live frå Sounds of the Seventies 23. mai 1973)7:50

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hartenbach, Brett. Inside Out av John MartynAllmusic. Henta 8. april 2019.
  2. Notat i plateomslaget