On the Cobbles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
On the Cobbles
Studioalbum av John Martyn
Utgjeve 26. april 2004
Sjanger Folkjazz, folkrock, electronica
Lengd 45:15
Selskap Independiente
Produsent Jim Tullio, Garry Pollitt
John Martyn-kronologi
Glasgow Walker
(2000)
On the Cobbles Heaven and Earth
(2011)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

On the Cobbles var det 22. og siste studioalbumet til den skotske musikaren John Martyn som kom ut medan han levde. Det siste, «Heaven and Earth», kom ut posthumt. Dette albumet kom ut 26. april 2004. Albumet vart spelt inn forskjellige stader i Irland, Storbritannia og USA.

Albumet vart spelt inn etter at Martyn hadde amputert høgrefoten under kneet våren 2003 og albumet var dedisert til kirurgane og sjukepleiarane på den ortopediske avdelinga ved Waterford Hospital i Waterford i Irland.

Blant gjesteartistane på albumet finn ein Paul Weller på «Under My Wing», Mavis Staples på «Goodnight Irene», Nick McCabe og den mangeårige samarbeidspartnaren Danny Thompson.

Han spelte sin eigen «Go Down Easy» frå Solid Air i 1973, men i ein versjon som nesten ikkje er til å kjenne att. Utgåva vart opphavleg spelt inn i 1992 for ein ballett. Martyn spelar mykje meir akustisk gitar på dette albumet enn han hadde gjort sidan 1970-åra.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av John Martyn, utanom der andre er nemnde. 

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Baby Come Home»  Frankie Miller 3:28
2. «Under My Wing»    4:10
3. «Ghosts»    4:03
4. «Back to Marseilles»    4:20
5. «Cobbles»    3:52
6. «My Creator»    7:17
7. «One for the Road»    4:05
8. «Go Down Easy»    4:57
9. «Walking Home»    4:49
10. «Goodnight Irene» (Lead Belly, John Lomax)  4:14

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • John Martyn - gitar, vokal
  • Peter Erskine - congatrommer
  • Ari Brown - tenorsaksofon
  • Steve Eisen - altfløyte
  • John Giblin - kontrabass på «Back to Marseille», gitar på «Goodnight Irene»
  • Nick McCabe - gitar på «Walking Home»
  • Andy Sheppard - tenor- og sopransaksofon
  • Mavis Staples - vokal på «Goodnight Irene»
  • Jim Tullio - akustisk gitar, perkusjon, klaverinstrument, bandlaus bass på «Go down easy»
  • Tony Peers - trumpet på «Ghosts»
  • Greg Marsh - trommer, perkusjon
  • John Rice - mandolin
  • Scott Steiner - Hammondorgel
  • Spencer Cozens - orgel, piano
  • Paul Mertens - bass munnspel
  • Fred Nelson - piano
  • Paul Weller - akustisk gitar, Wurlitzer, Hammond B3 orgel, korvokal på «Under My Wing»
  • Chris «Hambone» Cameron - Fender Rhodes
  • Danny Thompson - kontrabass
  • Alan Thomson - bandlaus bass
  • Basslinja på «My Creator» er ein kombinasajon av delar spelt inn av Danny Thompson, Alan Thomson og John Giblin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nickson, Chris. On the CobblesAllmusic