Glorious Fool

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Glorious Fool
Studioalbum av John Martyn
Utgjeve September 1981
Innspelt The Townhouse, London
Sjanger Folk, blues
Lengd 55:16[1]
Selskap WEA
Produsent Phil Collins
John Martyn-kronologi
Grace and Danger
(1980)
Glorious Fool Well Kept Secret
(1982)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [1]
Melody Maker(positiv)[2]
NME(mixed)[3]

Glorious Fool er eit studioalbum frå 1981 av musikaren John Martyn. Etter å ha vore på Island Records heile karrieren, var dette det første albumet til Martyn for WEA. Albumet vart produsert av Phil Collins med Nick Launay og Steve Travell som lydteknikarar. Tittelsporet gjer narr av Ronald Reagan som på denne tida var på veg til å bli president.

Opningssporet «Couldn't Love You More» er eit omarbeidd arrangement av ein song som først kom ut i 1977 på One World. Medan originalen er akustisk, er han her spelt inn med fullt band og med Eric Clapton som gjestegitarist. Clapton spelte inn Martyn sin «May You Never» i 1977 på albumet hans Slowhand. Då Martyn vart presentert ein ærspris av Colling i 2008 under BBC Folk Awards, sende Clapton ei melding som sa at Martyn var «så langt føre alt anna at det var ufatteleg».[4]

I august 1981 vart «Please Fall In Love With Me» gjeven ut med B-sida «Don't You Go» som singel.

Albumet var meir publikumsvennleg enn dei tidlegare albuma til Martyn og vart marnadsført med 32 konsertar i Storbritannia. Albumet nådde 25. plassen på den britiske albumlista då det kom ut.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av John Martyn.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Couldn't Love You More»3:59
2.«Amsterdam»5:27
3.«Hold On To My Heart»4:39
4.«Perfect Hustler»4:42
5.«Hearts and Keys»7:33
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Glorious Fool»4:58
7.«Never Say Never»4:56
8.«Pascanel (Get Back Home)»3:48
9.«Didn't Do That»4:20
10.«Please Fall in Love With Me»6:07
11.«Don't You Go»4:43

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk
  • Nick Launay - lydteknikar
  • Steve Travell - assisterande lydteknikar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.amazon.de/Glorious-Fool-John-Martyn/dp/B00CJMGKWY/ref=mb_oe_o
  2. Steve Sutherland (19. september 1981). «Glorious Fool - WEA K99178 | Big Muff». Johnmartyn.info. Henta 11. april 2019. 
  3. Graham Lock (10. oktober 1981). «Glorious Fool - WEA K99178 | Big Muff». Johnmartyn.info. Henta 11. april 2019. 
  4. «John Martyn». Telegraph. 29. januar 2009. Henta 11. april 2019. 
  5. «1980s». John Martyn. Henta 11. april 2019.