Sukkur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sukkur
by
Land  Pakistan
Region Sind
Areal 5 165 km²
Folketal 499 900 (2017)
Tidssone PST (UTC+5)
Kart
Sukkur
27°41′58″N 68°52′02″E / 27.699522222222°N 68.867286111111°E / 27.699522222222; 68.867286111111
Wikimedia Commons: Sukkur

Sukkur, tidlegare Aror og Bakhar, er ein by i Sind i Pakistan. Han er den tredje største byen i Sind og den 12. største i Pakistan.[1] Byen ligg på vestbreidda av Indus-elva.

Den moderne byen blei bygga av den britiske generalen Charles Napier i 1840-åra.[2] Sukkur er administrasjonsby i Sukkur divisjon og Sukkur distrikt.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sukkur har ei fortid som ein viktig strategisk by og eit handelssenter. Alor eller Aror (noverande Rohri) i Sukkur distrikt hadde status som hovudstad under Ror-, Rai og Brahmin-dynastiet frå rundt 450 f.Kr. til år 725. Rai-dynastiet reiste eit stort tempel til Sjiva. På 700-talet blei heile området del av det arabiske Omajadekalifatet. Seinare blei byen styrt av Mogulriket og ulike halvsjølvstendige stammar.

Karavanar i Bakhar

Mellom 1809 og 1824 blei byen overgjeven til mirane i Khairpur. I 1833 nedkjempa Shuja Shah Durrani, ein krigsherre frå Kandahar, talpurane nær Sukkur. Han og talpurherskaren gjorde ein avtale der han gav avkall på Sind. I 1843 sigra den britiske generalen Charles James Napier over talpurane i slaga ved Miani og Dubbo nær Hyderabad. Saman med resten av Sind blei Sukkur då del av Britisk India. Byen fekk eit økonomisk oppsving på 1930-talet, då britane bygde verdas største demning her i Indus.

Under den indiske fridomskampen støtta den hovudsakleg muslimske befolkninga her All-India Muslim League og Pakistan-rørsla. Ved opprettinga av sjølvstendige Pakistan og India i 1947 flytta mange lokale hinduar og sikhar til India, medan mange muslimar frå India slo seg ned her.

Sukkur på vestsida av Indus (ca. 1860)
Lastebåtar og bruer på elva i 1990.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Sukkur er ein fleirkulturell by som er folkesett av sindhiar, pandjabiarar, brahuifolk, balutsjarar og pasjtunarar. Etter delinga av Britisk India og opprettinga av Pakistan slo mange muslimar frå det som blei India seg ned her, som urdutalande mohadjirar, bandhani-talande radjputar, marwariar frå Rajasthan og memonfolk frå Bombay. Nokre av desse gruppene hadde allereie slått seg ned her før delinga i 1947.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Population and growth of major cities» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 28. april 2015. 
  2. «Sukkur - 1889». sindhishaan.com. Sindhi Shaan. Henta 7. august 2015. 
  3. «Union Administrations of Taluka Sukkur». Arkivert frå originalen 11. mai 2006.