Suzanne av Leonard Cohen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Suzanne
Song av Leonard Cohen
frå albumet Songs of Leonard Cohen
Utgjeve 1967
Sjanger Vise
Lengd 3:48
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Leonard Cohen

«Suzanne» er ein song skriven av den kanadiske poeten og musikaren Leonard Cohen i 1960-åra. Han vart først publisert som eit dikt i 1966, før han vart spelt inn som ein song av Judy Collins same året. Cohen spelte inn songen sjølv i 1967 for albumet Songs of Leonard Cohen. Mange artistar har spelt inn sine versjonar av songen, og han har vorte ein av dei mest covra Cohen-songane.[1]

I 2006 plasserte Pitchfork Media songen på 41. plass på lista deira over «The Top Songs of the 1960s».[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Suzanne» var inspirert av det platoniske forholdet til Suzanne Verdal, som då var kjæraste med bilethoggaren Armand Vaillancourt. I teksten skildrar han ritualet dei gjennomførte då dei møttes: Suzanne inviterte Cohen heim til seg ved hamna i Montreal, der ho gav han Constant Comment-te, og så gjekk dei rundt i Old Montreal forbi kyrkja Notre-Dame-de-Bon-Secours, der sjømennene vart velsigna før dei drog til sjøs.[3]

Suzanne Verdal vart intervjua av CBC News om i 2006 om songen. Verdal sa at ho og Cohen aldri hadde hatt eit seksuelt forhold,[4] i motsetnad til det somme tolkingar av songen indikerer. Cohen sjølv sa i eit intervju med BBC 1994 at han berre innbilte seg å ligge med ho, sidan det verken var høve eller sjanse til å gjere det.[5]

Cohen har sagt at han vart lurt til å gje frå seg rettane til songen, men sa samstundes at han var glad for at det skjedde fordi det ville ha vore gale å skrive ein song som folk er så glad i og samstundes bli rik på det. [6]

Teksten til diktet «Suzanne Takes You Down» vart først gjeve ut i diktboka Parasites of Heaven i 1966.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart først spelt inn av Judy Collins for albumet hennar In My Life frå 1966. Han vart sidan gjeve ut av Cohen sjølv for debutalbumet Songs of Leonard Cohen

Songen vart òg framført og innspelt av Nina Simone ved fleire høve. Første gongen var i 1967 for studioalbumet To Love Somebody, og han finst på samlealbumet Tell It Like It Is, og i eit konsertopptak frå Philarmonic Hall New York i 1969. Meshell Ndegeocello spelte inn ein versjon av «Suzanne» som ein hyllest til Simone-versjonen på albumet hennar Pour une Ame Souveraine: A Dedication to Nina Simone.[7]

Andre artistar som spelte inn songen på denne tida var Noel Harrison, som fekk ein liten hit, og Fairport Convention.[8] Fairport Convention var tidlege ute med å like Cohen og «Suzanne» vart sungen som ein duett mellom Sandy Denny og Iain Matthews for BBC i august 1968. Innspelinga vart gjeve ut på BBC-samlinga Heyday. Roberta Flack-versjonen avsluttar albumet Killing Me Softly i 1973.

Han har sidan vorte spelt av mange andre artistar.[1] Artistar som har spelt songen er Pearls Before Swine, Harry Belafonte, Tom Northcott, René Marie, Graeme Allwright, Françoise Hardy, Neil Diamond, Nana Mouskouri, Sylvie Vartan, Alain Bashung, Herman van Veen, Fabrizio de André, The Flying Lizards, Peter Gabriel, Geoffrey Oryema, Tori Amos, John Howard, James Taylor, Tangerine Dream, Christel Alsos og Nick Cave.

Robert McKay nytta linjer frå Cohen-diktet som kapitteltittelar i 1969 i ungdomsromanen Dave's Song. Songen vert nytta i filmen The Second Coming of Suzanne frå 1974. Rapparen Plan B sampla songen for miksteipen Paint It Blacker. Bandet R.E.M. gav Cohen delt låtskrivarhonorar for songen deira «Hope» (på albumet deira Up frå 1998), sidan songane hadde mange likskapar. R.E.M. sjølv hevda at dei først innsåg likskapen etter songen var ferdig.

Current 93 sin «Lament For My Suzanne» er ein annan song basert på Cohen-songen. Denne nyttar same tema og liknande tekst osm originalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Arjatsalo, J., Riise, A., & Kurzweil, K. (July 11, 2009). A Thousand Covers Deep: Leonard Cohen Covered by Other Artists. The Leonard Cohen Files. Henta 28. august 2013.
  2. «The 200 Greatest Songs of the 1960s». Pitchfork Media. http://pitchfork.com/features/staff-lists/6404-the-200-greatest-songs-of-the-1960s/2/. Henta 28. august 2013. 
  3. Simmons, Sylvie. I'm Your Man: The Life of Leonard Cohen. New York: HarperCollins, 2012, s. 124-7.
  4. Simmons, Sylvie. I'm Your Man: The Life of Leonard Cohen. New York: HarperCollins, 2012, s. 126.
  5. http://www.webheights.net/speakingcohen/bbctrans.htm
  6. http://www.youtube.com/watch?v=tIssqxixYp0
  7. http://www.amazon.com/gp/product/B009474GUK/ref=dm_dp_trk2
  8. http://www.allmusic.com/song/t619235

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Leonard Cohen