Svartgrovnebb
Utsjånad
Svartgrovnebb | |
![]() Svartgrovnebbhann | |
![]() Svartgrovnebbhoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av Svartgrovnebb | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Maurfuglar Thamnophilidae |
Slekt: | Neoctantes |
Art: | Svartgrovnebb N. niger |
Vitskapleg namn | |
Neoctantes niger |
Svartgrovnebb, Neoctantes niger, er ein mellomstor maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Neoctantes.
Han er 16 centimeter lang, har kraftig nebb med eit utprega oppkurva underkjeve og ein rett overkjeve. Hannen er fullstendig svart med ein dels skjult kvit flekk på ryggen. Hoa er lik hannen, men har eit breitt, raudbrunt til nøttebrunt område over brystet. Desse fuglane lever i tett vegetasjon, på eller nær bakken og er sky og vanskeleg å observere. Dei beitar ofte parvis eller aleine og er lite vokale.
Arten har habitat i subtropiske eller tropiske våte låglandsskogar med utbreiingsområdet innanfor landa Brasil, Colombia, Ecuador og Peru.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]
- Videoar, bilete og lydopptak av svartgrovnebb hos Internet Bird Collection
- BirdLife International (2014) Species factsheet: Neoctantes niger. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. august 2014.