Sven Svensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Sven Svensen frå Kristiansand.
Sven Svensen
Fødd29. januar 1863
Brunlanes kommune
Død21. mai 1943 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv

Sven Adolf Svensen (29. januar 186321. mai 1943) var ein norsk skulemann og politikar, fødd i Nevlunghavn i dåverande Brunlanes herad. Han representerte 1922-36 HøgreStortinget og vert særleg hugsa for sitt bidrag til folkeskulelovene av 1936.

Far til Svensen var styrmann til sjøs. Sjølv tok han eksamen ved Asker seminar i 1881 og var så lærar i Larvik og deretter 1882-84 i Gjerpen. Her vart han kjend og gift med ei dotter til presten og seinare bispen Johannes N. Skaar. Skaar meinte Svensen måtte ta examen artium, noko han gjorde i 1886, og deretter studere teologi. I 1892 vart Svensen cand.theol.

Frå 1892 til -99 var Svensen lærar og skuleinspektør ved Aars og Voss skole i Kristiania. Saman med lærarkollega Sigurd Bretteville Jensen gav han i 1897 og 1899 ut sine fyrste lærebøker, begge basert på Bibelen.

Svensen var deretter lærar i Trondheim frå 1899 til 1918. I denne perioden skreiv han lærebøker både om grammatikk og sunnheit. Den fyrste norske grammatikken frå 1901 var på 16 sider, i 1907 auka til 24 sider. Same året gav han ut eit notat om komma-reglane.

Frå 1918 til 1934 var Svensen skuleinspektør i Drammen. Saman med Mathilde Munch skreiv han lesebøker på 1920- og 30-talet der «sakprosatekstene er på enda sterkere retur, og skjønnlitteraturen dominerer, selv om det fortsatt er med tekster om natur, det nasjonale, historie og kristen tro». Han skreiv også lærebøker til bruk i religions-undervisninga.

Svensen engasjerte seg i politikken for partiet Høgre. Bolken 1901-04 var han formannskapsmedlem i Trondheim og frå 1920-34 hadde han sete i Drammen bystyre. Hausten 1921 vart han vald til stortingsrepresentant frå Drammen, og vart attvald fire gongar. Svensen var formann i Kyrkje- og undervisningskomiteen frå 1925 til han forlet Stortinget i 1936. Gjennom den posisjonen fekk «han mykje å seia for utforminga av skuleordninga frå 1936».[1] Folkeskuleloven av 1936 la grunnen under einskapsskulen.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Allkunnebok X.428

Kjelder[endre | endre wikiteksten]