Sverre Koren Bjertnæs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sverre Koren Bjertnæs
Fødd 5. april 1976
Trondheim
Yrke kunstmålar, grafikar

Sverre Andreas Koren Bjertnæs (fødd 5. april 1976 i Trondheim) er ein norsk målar og grafikar.

Som tenåring var han elev, 1989-93, i Trondheim hjå Tore Bjørn Skjølsvik. Deretter elev eitt år hjå Odd Nerdrum, før han 1995-99 gjekk på Statens Kunstakademi og så to år på ArtEZ hogeschool voor de kunsten i Enschede, Nederland.

Han deltok i si fyrste utstilling som 15-åring i samband med Nerdrumskulen si gruppeutstilling hjå Blomqvist i Oslo. Si fyrste separatutstilling hadde han i Bjarne Melgaard sitt galleri Norsk Anarkistisk Fraksjon i 2000. Karakteristiske arbeid frå den tidlege perioden hans (1997-2004) er store, nøkternt saklege portrett av ungdom, mellom anna borna til sambuaren Unni Askeland. Frå og med utstillinga «Incognito» (2004) forlét han «tenåringsuskulda som prega dei tidlege bileta» og gjekk over i ei mørkare motivverd der eit tema var rus, og andre verkemiddel var «bruk av blacklight og interiørskildringar av offentlege toalett».[1]

I 1999 fekk han Blix-stipendet, Anders Jahres pris for yngre kunstnarar i 2005 og i 2008 vart han tildelt det fyrste stipendet frå den nyoppretta Håkon Bleken-stiftelsen.[2]

Utstillingar i utval[endre | endre wikiteksten]

  • 2009 Galleri Ramfjord
  • 2004 «Incognito». Trondheim kunstmuseum og Blomqvist kunsthandel AS
  • 2001 Ideologiska, Nordic Art Bienale, Göteborg
  • 2001 Norske bilder
  • 2001 Schpaa, Bergen Kunstforening
  • 2000 Galleri No 5, Bergen Kunstforening
  • 2000 Norsk anarkistisk fraksjon
  • 2000 "Nekrologer", Drammen kunstforening med kunstnarar Unni Askeland og Morten Viskum
  • 2000 Schpaa: i regi av UKS Den frie utstillingsplass, København
  • 1999 Avgangsutstillinga Stenersenmuseet opning, 29. mai 1999
  • 1999 Galleri Low Atlanta USA, opning 1. juni 1999
  • 1998 Stockholm Art Fair, Sverige
  • 1998 Festspillene i Harstad
  • 1998 Galleri Ericsson, Oslo
  • 1997 "Død og Melankoli", Kunsthuset Oslo

Han er innkjøpt av Trondheim kunstmuseum (2005) og Nordnorsk Kunstmuseum.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Frå Jan Martin Bergs omtale i biografidelen av utstillingskatalogen Tradisjon og fornyelse, figurativt samtidsmaleri. Nordnorsk Kunstmuseum, 2006. ISBN 82-91834-28-8
  2. Ole Jacob Hoel (10. november 2009). «Koren Bjertnæs fikk Blekens første stipend». Adresseavisen. Henta 31. januar 2009.