Svetlana Sjkolina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svetlana Sjkolina


Verkeleg namn Светлана Владимировна Школина
Statsborgarskap Russland
Fødd 9. mars 1986 (38 år)
Jartsevo
Idrett høydehopp, friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse

Svetlana Vladimirovna Sjkolina (fødd 9. mars 1986) er ein russisk friidrettsutøver som tevlar i høgdehopp. Ho vart verdsmeister i øvinga i Moskva i 2013. Personleg rekord er på 2,03 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Svetlana Sjkolina under VM 2013 i Moskva

Sjkolina deltok i si fyrste store meisterskapstveling i Beijing under Sommar-OL 2008, der ho vart nummer 14 med 1,93 meter. Året etter kom ho på sjetteplassen i VM i friidrett 2009 i Berlin, etter å ha gått over 1,96 m.

I friidretts-EM 2010 i Barcelona vart ho ståande med 1,97 m og fjerdeplass, utan heilt å melde seg på i medaljekampen. Med same høgda enda ho som nummer fem ved friidretts-VM 2011 i Daegu.

Sjkolina nådde eit høgre nivå i 2012-sesongen. Under sommarleikane i London var ho ein av tre deltakarar som klarde å svinge seg over 2,03 m. Ettersom ho måtte ha tre forsøk på høgda, enda ho opp med bronsemedaljen, landskvinna Anna Tsjitsjerova gjekk også over 2,05 meter og vart olympisk meister.

I 2013 var det klart for verdsmeisterskap i Moskva. Her vart Skjolina åleine om å ta seg over 2,03 m, noko ho gjorde i fyrste forsøk, og tok gullmedaljen framom Brigetta Barrett frå USA som måtte ta til takke med sølv, slik ho hadde gjort i London-OL året før.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Då dopingprøvene frå Sommar-OL 2012 var testa på ny, fann IOK at Sjkolina då hadde vore dopa. Alle hennes resultat frå 2012 til 2015 blei annullerte og ho mista medaljen frå Sommar-OL 2012.[1][2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Svetlana Shkolina» (på engelsk). Olympedia. Henta 14. mars 2023. 
  2. «Doping Irregularities at the Olympics» (på engelsk). Olympedia. Henta 14. mars 2023. «Svetlana Shkolina: 2012 London – HJ (3) – Retroactively stripped of all her results from 2012 to 2015 after being found guilty of participating in doping programmes in 2012 and 2013» 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]