Tønnes Taralsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tønnes Taralsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. mai 1786
Kristiansand kommune
Død

30. oktober 1840 (54 år)
Stokke kommune

Yrke prest, lærar, politikar
Språk norsk

Tønnes Taralsen (15. mai 178630. oktober 1840) var ein norsk prest og stortingsmann frå Kristiansand.

Taralsen var son til ein smed. Sjølv vart han student i 1803 og cand. theol. i 1807. Ei tid var han huslærar hos proprietæren Elias Jørgensen i Stokke. I 1813 vart han kateket og lærar ved borgarskulen i Skien. Sidan var han sokneprest i Ramnes frå 1826 til 1839. Han vart då sokneprest i Stokke, men døydde allereie året etter.

Taralsen var varamann frå Porsgrunn og Skien til Stortinget 1818. Allereie frå 13. februar møtte han i staden for Ole Cudrio. Han var medlem av 12 komitear, mellom anna om sjukehus på landet, og om allmugeskulelova, I 1839 var han 1. representant frå Jarlsbergs og Larviks amt på Stortinget, medlem av Lagtinget, traktatkomiteen og komiteen om stempelpapirlova.

Død 1840 i Stokke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914