Tenestemerke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Tenestemerke er eit frimerke som er berekna for tjenestlige postsendingar frå offentlege etatar (stat, fylke, kommune).

Tenestemarker i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Under den tyske okkupasjonen av Noreg under andre verdskrig 1940–1945 utskreiv Quisling-regjeringa frå 1942 nye tenestefrimerke med Solkorset til nasjonal Samling-symbol.

Det fyrste norske tenestemerket vart utgjeven 1. januar 1926. Tidlegare hadde slike offentlege sendingar vore portofrie. Tenestemerkene vart ikkje seld, men utlevert mot rekvisisjon. Ordninga opphøyrde 1. april 1983, men merke etatane hadde på lager, kunne brukast fram til 31. mars~ 1985. I motsetnad til vanlege frimerke, som har talrike motiv, finst dei norske tenestemerka berre i fem hovudvariantar med riksvåpenet som motiv. I tillegg kjem ein variant frå 1942 med Solkross med nasjonal samling-emblem. Mrekene har påskrift «Tenestefrimerke», «Offentleg sak», «O.S.» eller «Off.sak».

Då merka alltid berre var gyldige til innanlandske sendingar (brev til utlandet måtte frankerast med vanlege frimerke), har dei med unntak av solkors-serien ikkje namnet i landet påtrykt.

I 1930-33 hadde statsinstitusjonar ikkje lov til å bruka tenestemarker. For å hindra privat bruk av dei vanlege frimerka til etaten, var det ikkje uvanleg å gjennomhulle merkene med ein eller fleire bokstavar, f.eks «S.C.» for Statistisk Centralbyrå.

I Norgeskatalogen er tenestemarkene katalogisert med bokstaven T føre frimerkenummeret. Serien går frå T1 til 137.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]