The Dave Clark Five

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Dave Clark Five

OpphavTottenham i London i England
Aktiv1957–1970
SjangerPoprock, beat
PlateselskapColumbia (EMI), Epic, Capitol
Tidlegare medlemmerDave Clark
Mike Smith
Lenny Davidson
Rick Huxley
Denis Payton
PrisarRock and Roll Hall of Fame

The Dave Clark Five var eit engelsk poprockband skipa i Tottenham i 1957. Singelen deira «Glad All Over» slo The Beatles sin «I Want to Hold Your Hand» ned frå toppen av UK Singles Chart i januar 1964. Songen nådde sjetteplassen i USA i april 1964.[1] «Over And Over» gjekk til topps i USA for gruppa i desember 1965.

Dei var den andre gruppa i den britiske bølgja som spelte på The Ed Sullivan Show, der dei var i mars, to veker etter The Beatles hadde spelt der tre veker på rad i februar 1964. For ei stund var Dave Clark Five meir populære i USA enn i heimlandet, sjølv om dei fekk ein renessanse i Storbritannia mellom 1967 og 1970. Gruppa vart oppløyst seint i 1970. Den 10. mars 2008 vart gruppa innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

The Ed Sullivan Show i 1966. Frå venstre: Denis Payton, Dave Clark, Mike Smith, Rick Huxley og Lenny Davidson.

Bandet byrja som The Dave Clark Quintet i 1957 med Clark på trommer, Dave Sanford på sologitar, Chris Walls på bass og Don Vale på piano. I 1958 vart Sanford erstatta av Rick Huxley og Vale vart erstatta av Smedley. Folk var forvirra av kva ordet kvintett tydde, så bandet gav seg namnet The Dave Clark Five, med Stan Saxon på solovokal, Huxley på rytmegitar, Roger Smedley på piano og Johnny Johnson på sologitar. Mick Ryan erstatta Johnson i 1958 og Jim Spencer kom med på saksofon, medan Smedley slutta. Walls slutta i 1959 og Huxley vart bassist. Mike Smith kom med på piano i 1960, og Lenny Davidson erstatta Ryan i 1961. I 1962 endra bandet namn til The Dave Clark Five då Saxon slutta. Gruppa bestod då av Clark på trommer, Huxley på bass, Smith på orgel og solovokal, og Davidson på sologitar, med Denny Payton på tenor- og barytonsaksofon, munnspel og gitar.

Bandet oppstod i Nord-London og vart marknadsført som spydspissen for «Tottenham Sound», eit svar til Mersey Beat-stilen som Brian Epstein marknadsførte. Dave Clark, som skipa gruppa, sette stundom trommesettet frampå scenen, medan gitaristane og orgelet stod bak og på sidene. Han fekk òg i stand avtalar som let han produsere innspelingane til bandet og ha kontroll over masterlydbanda.[3] Låtskrivarar i bandet var Clark, Clark og Smith, Clark og Davidson og Clark og Payton.

The Dave Clark Five hadde 17 plater inne på Topp 40 på den amerikanske Billboard-lista og 12 Topp 40-hittar i heimlandet Storbritannia mellom 1964 og 1967. Songen deira «Over and Over» nådde toppen i USA på Billboard Hot 100 på juledagen 1965, trass i mindre imponerande salstal i Storbritannia (der han berre nådde 45. plassen på UK Singles Chart), og dei spelte til utselde publikum på turnear i USA. The Dave Clark Five var det første britiske bandet i den britiske bølgja som turnerte i USA, og dei var 18 gonger på The Ed Sullivan Show[4] – flest av alle gruppene i den britiske bølgja.

Etter suksessen til Beatles-filmen A Hard Day's Night i 1964, gav bandet ut sin eigen film, Catch Us If You Can (regissert av John Boorman) i 1965. Barbara Ferris spelte i filmen som kom ut i USA som Having a Wild Weekend. Kortfilmen Hits in Action inneheld ei rekkje av Dave Clark Five-hittane.

Etter den første suksessen, som inkludert filmen og eit fjernsynsprogram, vart det færre hittar i USA etter «You Got What It Takes» i 1967, sjølv om bandet hadde fleire hittar i Storbritannia i perioden i 1967 til 1970. Utanom songane «Inside and Out», «Maze of Love» og «Live in the Sky» (sistnemnde siterer direkte frå Beatles-songen «All You Need is Love»), følgde ikkje bandet den psykedeliske musikktrenden.[5] DC5 vart oppløyst i 1970 etter å ha hatt tre singlar på den britiske singellista det året. To av dei nådde Topp 10. I 1970 slutta Davidson, Huxley og Payton og Alan Parker og Eric Ford okom med på sologitar og bass. Denne besetninga, kalla «Dave Clark & Friends», varte til 1973.

Mellom 1978 og 1993 var ikkje musikken deira tilgjengeleg for sal i noko kommersielt format, sidan Clark, som hadde rettane til alle innspelingane, avslo å lisensiere musikken deira. I 1993 vart ein enkel CD, Glad All Over Again produsert av Clark sjølv og gjeven ut av EMI i Storbritannia.[6][7] Etter ein avtale i 1989 med Disney Channel om å sende 60-talsshowet Ready Steady Go! (som Clark eigde) på ny, fekk han i stand ein avtale med det Disney-eigde ollywood Records om å gje ut dobbeltplata History of The Dave Clark Five.[8] Ikkje noko Dave Clark Five-materiale var lovleg tilgjengeleg fram til 2008, då samleplata Hits vart gjeven ut på Universal Music i Storbritannia. I 2009 vart eit utval av bandkatalogen sleppt på iTunes.

Rock and Roll Hall of Fame[endre | endre wikiteksten]

The Dave Clark Five vart nominert til Rock and Roll Hall of Fame i 2008, og 13. desember 2007 vart det annonsert at bandet skulle innlemmast i Rock and Roll Hall of Fame den 10. mars 2008.[2] Talen for bandet vart heldt av Tom Hanks, som skreiv, regisserte og spelte i filmen That Thing You Do! i 1996, som handlar om eit amerikansk one-hit wonder-band som vaart populær etter den britiske invasjonen.

Tre overlevande medlemmar frå Dave Clark Five møtte opp i lag med familiane til Lenny Davidson og Rick Huxley, og dei to sønene til Denis Payton. Mike Smith hadde planlagt å vere med, men døydde elleve dagar før seremonien.

Joan Jett gjorde æra på The Dave Clark Five med å framføre «Bits and Pieces» med bandet til John Mellencamp. For «Glad All Over» fekk Jett med seg John Fogerty, John Mellencamp, Billy Joel og andre artistar som hadde spelt same kvelden.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Dave Clark Five bestod av:[9]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

The Dave Clark Five sine topp 10-singlar i Storbritannia (1963–70) var: «Glad All Over» (nr. 1 i 2 veker frå 14. januar 1964); «Bits and Pieces» (nr. 2, mars 1964); «Can't You See That She's Mine» (nr. 10, juni 1964); «Catch Us If You Can» (nr. 5, august 1965); «Everybody Knows» (nr. 2, november 1967); «The Red Balloon» (nr. 7, oktober 1968); «Good Old Rock'n'Roll» (nr. 7, januar 1970) og til slutt «Everybody Get Together» (ein versjon av «Get Together», Chet Powers-songen som vart popularisert av The Youngbloods i USA), som nådde 8. plassen i april 1970.

Hitsinglane til The Dave Clark Five i USA var mellom andre «Glad All Over» (nr. 6, april 1964), «Bits and Pieces» (nr. 4, mai 1964),[13] «Can't You See That She's Mine?» (nr. 4, juli 1964), «Because» (nr. 3, august/september 1964), «Any Way You Want It» (nr. 14, desember 1964), «I Like It Like That» (nr. 7, juli 1965), «Catch Us If You Can» (nr. 4, oktober 1965), «Over And Over» (nr. 1, 25. desember 1965) og «You Got What It Takes» (nr. 7, mai 1967).

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

  • Glad All Over (USA, 1964)
  • The Dave Clark Five Return! (USA, 1964) / A Session with The Dave Clark Five (Storbritannia, 1964)
  • American Tour (USA, 1964)
  • Coast to Coast (USA, 1964)
  • Weekend in London (USA, 1965)
  • Having a Wild Weekend (USA, 1965) / Catch Us If You Can (Storbritannia, 1965)
  • I Like It Like That (USA, 1965)
  • Try Too Hard (USA, 1966)
  • Satisfied with You (USA, 1966)
  • 5 By 5 (USA, 1967)
  • You Got What It Takes (USA, 1967)
  • Everybody Knows (Storbritannia, 1967) / Everybody Knows (USA, 1968)
  • 5 by 5 = Go! (Storbritannia, 1969)
  • If Somebody Loves You (Storbritannia, 1970)
  • Good Old Rock'n'Roll (Storbritannia, 1970)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gundersen, Edna (6. mars 2008). «For Dave Clark Five, the accolades finally arrive – USATODAY.com». Usatoday.com. Henta 28. april 2018. 
  2. 2,0 2,1 «Inductees for 2008». Rock and Roll Hall of Fame official website. 13. desember 2007. Arkivert frå originalen 1. februar 2008. Henta 28. april 2018. 
  3. James E. Perone, Mods, rockers, and the music of the British invasion, page94. ABC-CLIO, 2008, ISBN 0275998606. Henta 28. april 2018. 
  4. Orange Coast Magazine, Dec 1993 Vol. 19 nr. 12. Emmis Communications. ISSN 0279-0483. Henta 28. april 2018. 
  5. James E. Perone, Mods, rockers, and the music of the British invasion, page99. ABC-CLIO, 2008, ISBN 0275998606. Henta 28. april 2018. 
  6. «Glad All Over Again CD Edition by The Dave Clark Five @ ARTISTdirect.com – Shop, Listen, Download». Artistdirect.com. Henta 28. april 2018. 
  7. «Dave Clark Five, The – Glad All Over Again (Thirty Five Solid Gold Hits – A Selection of the DC5's 50 Million Sellers) (CD)». Discogs.com. Henta 28. april 2018. 
  8. Bronson, Harold (4. april 2014). «The Dave Clark Five: Dave Clark's Miscalculation». Huffington Post. 
  9. «The Birth of a Nation». Skidmore.edu. Henta 28. april 2018. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 «The Dave Clark Five». The Rock and Roll Hall of Fame and Museum. Henta 28. april 2018. 
  11. «Dave Clark Five». Tsimon.com. Henta 28. april 2018. 
  12. «Entertainment | Dave Clark Five star Payton dies». BBC News. 18. desember 2006. Henta 28. april 2018. 
  13. Dave Clark intervjua på Pop Chronicles (1969)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: The Dave Clark Five