Dave Clark
Dave Clark | |||
Clark på amerikansk fjernsyn i 1965 med The Dave Clark Five | |||
Fødd | 15. desember 1939 (85 år) eller 15. desember 1942 (82 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tottenham i Middlesex i England | ||
Fødenamn | David Clark | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | Sidan 1957 | ||
Sjanger | Beat-musikk | ||
Instrument | Trommeslagar, låtskrivar | ||
Tilknytte artistar | The Dave Clark Five | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, produsentar |
Dave Clark (fødd 15. desember 1939 eller 1942) er ein engelsk musikar, låtskrivar, plateprodusent og entreprenør. Han var leiar, trommeslagar og manager for beat-gruppa The Dave Clark Five i 1960-åra. Dei var det første bandet i den britiske bølgja som følgde The Beatles til Amerika i 1964. I 2008 vart Clark og bandet hans innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[1]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Clark var fødd i Tottenham, som då låg i Middlesex, og slutta på skulen utan utdanning då han var 15 år gammal for å bli stuntmann på film. Han spelte i over 40 filmar.[2][3][4] Seint i 1950-åra kjøpte Clark seg eit trommesett og lærte seg sjølv å spele. Han skipa eit skiffleband for å tene pengar, slik at fotballaget hans kunne reise til Nederland. Skifflegruppa utvikla seg til å bli The Dave Clark Five med Clark som leiar, medlåtkskrivar, manager og produsent.[4][5]
The Dave Clark Five vart gradvis meir populære i Storbritannia. Dei flytta The Beatles sin «I Want to Hold Your Hand» ned frå førsteplassen på den britiske singellista i januar 1964 med sin eigen «Glad All Over». Den britiske pressa kalla dei ei kort stund «den største trugselen» for The Beatles.[6] The Dave Clark Five var det første bandet i den britiske bølgja som følgde Beatles til Amerika i 1964,[6] der dei fekk 15 hittar inn på Topp 20 på rad.[7] Dei spelte òg på The Ed Sullivan Show fleire gonger enn nokon annan engelsk artist.[6] Dave Clark vart eit populært babynamn i 1960-åra.[8]
Andrew Loog Oldham, tidlegare manager for The Rolling Stones, snakka om den tidlege suksessen dei hadde som rivalar til The Beatles:
Om The Beatles nokon gong såg seg over skuldra, så var det ikkje The Stones dei såg. Dei såg The Dave Clark 5 eller Herman's Hermits.[9]
Bandet vart oppløyst i 1970, og ein avart av bandet i 1972. Clark stoppa å spele trommer etter han braut fire knokar i ei akeulukke i 1972.[2]
Han skreiv seinare science fiction-musikalen Time, som hadde sin debut i 1986. Musikalen gjekk to år på West End i London med Cliff Richard (seinare David Cassidy) i ei av rollene.[4] Musikalen lanserte òg eit konseptalbum kalla Time med Richard, Freddie Mercury, Leo Sayer, Stevie Wonder og Dionne Warwick. To millionar eksemplar vart seld og det inneheldt fleire hitsinglar.[10]
Entrepenørskap
[endre | endre wikiteksten]Clark er ein suksessrik entreprenør og mangemillionær. Han eig eit hus til 12 millionar britiske pund i Vest-London.[2][11] Heilt frå starten eigde Clark sjølv alle rettane til musikken til The Dave Clark Five og i 1993 gav han ut nymastra versjonar av alle singlane deira på CD, Glad All Over Again.[4] Seint i 1960-åra, i tillegg til å styre bandet sitt, byrja Clark å regissere og produsere for fjernsyn. I 1968 laga han ein «særs suksessrik» fjernsynsproduksjon, Hold On, It's The Dave Clark Five.[4] I 1980-åra fekk han rettane til det britiske musikkshowet frå 60-talet, Ready Steady Go!.[12]
Då han gav ut ei hitsamling i midten av 1970-åra, budde Clark i USA i eitt år, og unngjek ddermed å betale skatt i Storbritannia. Dei britiske styresmaktene gjekk til retten for dette, men tapte.[13]
Personleg liv
[endre | endre wikiteksten]Clark var nær ven med Queen-songaren Freddie Mercury, som han hadde kjend sidan 1976.[14] Clark sat ved senga hans då Mercury døydde i november 1991.[14][15]
Prisar
[endre | endre wikiteksten]I 2008 var det 50 år sidan bandet vart skipa og The Dave Clark Five vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[1][16] Clark gjorde eit sjeldan offentleg frammøte og i lag med to andre medlemmar av gruppa aksepterte han prisen på vegner av gruppa.[17]
I 2014 skreiv, produserte og medverka Clark i dokumentarfilmen The Dave Clark Five and Beyond: Glad All Over.[18]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dave Clark (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. april 2018.
- ↑ 1,0 1,1 «The Dave Clark Five», Rock and Roll Hall of Fame, arkivert frå originalen 28. juni 2011, henta 17. mai 2011
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Pierce, Andrew (10. desember 2008), «Dave Clark: Why I turned down a gong from Harold Wilson», The Daily Telegraph, henta 29. april 2018
- ↑ Green, Graeme (13. oktober 2008), «Beatles rival on sex, drugs, rock'n’roll», Metro, henta 29. april 2018
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 «The Dave Clark Five», Classic Bands, henta 29. april 2018
- ↑ «The Dave Clark Five», Rolling Stone, arkivert frå originalen 8. november 2007, henta 29. april 2018
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Clark, Rick; Unterberger, Richie, «The Dave Clark Five», Allmusic, henta 29. april 2018
- ↑ James, Gary, «Interview with Dave Clark», Classic Bands, henta 29. april 2018
- ↑ Dave Clark Five – DaveClarkAnkeny, Sites.google.com, henta 29. april 2018
- ↑ Sharp, Ken (27. september 2014), Andrew Loog Oldham dishes on rock’s biggest movers and shakers, Gullmine, henta 29. april 2018
- ↑ McCormick, Neil (29. april 2018). «Dave Clark: inscrutable pop mastermind». The Daily Telegraph. Henta 29. april 2018.
- ↑ «Biography: The Dave Clark Five», Tune Genie, arkivert frå originalen 4. april 2010, henta 29. april 2018
- ↑ Fiddy, Dick, Ready, Steady, Go! (1963-66), Screenonline, henta 29. april 2018
- ↑ Dave Clark Five, taxationpodcasts, 21. oktober 2011, henta 29. april 2018
- ↑ 14,0 14,1 «This week the Queen idol would've been 65... now pop star Dave Clark reveals: 'Freddie chose to die when his life stopped being fun' ». Mail Online. Henta 29. april 2018
- ↑ «'No, I haven't had a facelift – honest': Pop star Dave Clark talks about sex, drugs... and ageing». Daily Mail. 16. oktober 2008. Henta 14. mars 2013.
- ↑ «Dave Clark Five», British Invasion Bands, arkivert frå originalen 13. januar 2009, henta 29. april 2018
- ↑ Simpson, Richard (12. mars 2008), «Dave Clark thrives! But has he had Botox on a few bits and pieces?», Daily Mail, henta 29. april 2018
- ↑ «BBC Two - The Dave Clark Five and Beyond: Glad All Over», BBC, henta 29. april 2018