Mike Smith i Dave Clark Five
Mike Smith | |
![]() Smith i 1964 på Ed Sullivan Show | |
Fødd | 6. desember 1943 |
---|---|
Fødestad | Edmonton i Middlesex i England |
Død | 28. februar 2008 (64 år) |
Dødsstad | Aylesbury i Buckinghamshire i England |
Fødenamn | Michael George Smith |
Opphav | Storbritannia |
Aktiv | 1960-åra til 2003 |
Sjanger | pop, rock, beat |
Instrument | Vokal, klaverinstrument |
Tilknytte artistar | The Dave Clark Five |
Plateselskap | Columbia (EMI), Epic |
Verka som | Songar-låtskrivar |
Michael George Smith (6. desember 1943–28. februar 2008) var ein engelsk songar, låtskrivar og musikkprodusent.[1]
I 1960-åra var Smith solovokalist og klaverspelar i The Dave Clark Five. Bandet var leiande i den britiske bølgja i USA og var ei kort stund dei viktigaste rivalane til The Beatles før The Rolling Stones kom på banen.
Biografi[endre | endre wikiteksten]
Smith møtte først Dave Clark då dei begge var medlemmar på same fotballag for St. George Boys Club.[2] 17 år gammal vart han invitert i bandet til Clark.[2]
Med Smith på vokal, piano eller orgel (og stundom gitar i seinare år),[2] debuterte bandet med singelen «I Knew It All the Time» i juni 1962[2] som var tilskriven det då ukjende bandet The Dave Clark Five featuring Mike Smith. Som songar i bandet vart Smith ofte rekna som den andre stjerna i bandet i lag med Clark.[2]
Smith fortsette å arbeidde med Clark i 1970-åra, etter bandet var oppløyst, som «Dave Clark & Friends.» I 1976 spelte Smith inn eit album med den tidlegare Manfred Mann-songaren, Michael d'Abo. Elles i 1970-åra og i 1980-åra arbeidde Smith hovudsakleg som produsent og låtskrivar og skreiv musikk for reklamar.[2]
Smith byrja å spele att i 1990-åra som Mike Smith's Rock Engine.[3]
Sonen til Smith, James, omkom i juni 2003 i ei dykkeulukke i Raudehavet.[2] Tre månader seinare vart Smith hardt skadd i heimen sin i Spania då han hadde låst seg sjølv ute og prøvde å klatre ein tre meter høg port og fall ned og landa på hovudet. Han braut ryggsøyla tre stader og vart permanent lam frå livet og ned og i høgre armen, medan han hadde lite rørsle att i venstrearmen. Smith døydde 28. februar 2008, 64 år gammal, av lungebetennelse.[4] Han døydde berre 11 dagar før han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av The Dave Clark Five.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Mike Smith (The Dave Clark Five)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. april 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «1960-åra British Rock and Pop Chronology – Birth of a Nation» (birthdates), Gordon Thompson, 2006-09-17, webpage: Skidmore-BritRock.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 «Mike Smith: Information from Answers.com» (biography), Answers Corporation, 2006, webpage: AnswersCom-Mike-Smith.
- ↑ «DAVE CLARK FIVE SINGER-SONGWRITER MIKE SMITH TO LAUNCH FIRST U.S. TOUR...» (bio), The Regent Theatre, Arlington, MA, 2003-01-28, webpage: Regent-Mike-Smith-Tour.
- ↑ «Dave Clark Five singer Smith dies». BBC. 28. februar 2008. Henta 29. april 2018.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Live in the Sky på YouTube: Video av Mike Smith som syng med The Dave Clark Five.