Blueberry Hill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blueberry Hill
av Fats Domino
frå albumet This Is Fats Domino!
B-side «Honey Chile»
Utgjeve 1956
Sjanger Rhythm and blues
Lengd 2:28
Selskap Imperial 5407
Låtskrivar(ar) Vincent Rose, Larry Stock, Al Lewis
Fats Domino-kronologi
«When My Dreamboat Comes Home»
(1956)
Blueberry Hill «The Rooster Song»
(1957)

«Blueberry Hill» er ein populær song publisert i 1940 og mest kjend med rock n' roll-versjonen til Fats Domino frå 1950-åra. Musikken var skriven av Vincent Rose, med tekst av Larry Stock og Al Lewis. Han vart spelt inn seks gonger i 1940. Victor Records gav ut ei innspeling av Sammy Kaye Orchestra med vokal av Tommy Ryan den 31. mai 1940[1]. Gene Krupa sin versjon kom ut på OKeh Records (#5672) den 3. juni og songaren Mary Small spelte inn ein vokal versjon på same selskapet med orkesteret til Nat Brandwynne og kom ut 20. juni 1940 på OKeh Records #5678. Andre innspelingar frå 1940 var av The Glenn Miller OrchestraBluebird Records (10768), Kay Kyser, Russ Morgan, Gene Autry (òg i filmen The Singing Hill i 1941[2]), Connee Boswell og Jimmy Dorsey. Den største hitten i 1940 var versjonen til The Glenn Miller Orchestra, som nådde toppen av lista.[3]

Louis Armstrong gjekk inn på Bilboard Topp 40 i 1949 med sin versjon og nådde 29. plassen.[4] Songen vart ein internasjonal hit i 1956 for Fats Domino og har sidan blitt ein rock and roll-standard. Han låg tre veker på andrelassen på Billboard-lista og vart den største pophiten hans. Songen låg òg åtte veker i alt på toppen av R&B Best Sellers-lista.[5] Versjonen av Fats Domino vart rangert på 82. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[6] Songen vart den største hitten til Domino og er den songen som er mest knytt til han.

Utvalde versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Victor 26500 - 27000, a numerical listing of issues». 78discography.com. http://78discography.com/vic26500.html. Henta 2. oktober 2016. 
  2. The Singing Hill Henta 2. oktober 2016.
  3. The Glenn Miller Orchestra, «Blueberry Hill» Chart Position Henta 2. oktober 2016.
  4. Louis Armstrong, «Blueberry Hill» Chart Position Henta 2. oktober 2016.
  5. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 167. 
  6. «500 Greatest Songs of All Time: Fats Domino, 'Blueberry Hill'». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/lists/the-500-greatest-songs-of-all-time-20110407/fats-domino-blueberry-hill-19691231. Henta 2. oktober 2016. 
  7. «BLUEBIRD numerical listings 10500 - 11000». 78discography.com. http://www.78discography.com/BB10500.htm. Henta 2. oktober 2016. 
  8. [1] Henta from YouTube 21. april 2016.
  9. Bruce Cockburn Songs Henta 2. oktober 2016.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


83:
 «Norwegian Wood (This Bird Has Flown)» 
The Beatles
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
82

Fats Domino – «Blueberry Hill»

81:
 «I Heard It Through the Grapevine» 
Marvin Gaye