Hopp til innhald

Barokkpop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Barokkpop (stundom kalla barokkrock) er ein blandingssjanger som kombinerer rock med visse element av klassisk musikk.[4][2][3] Han dukka opp midt i 1960-åra då artistar prøvde å skape ein majestetisk, orkesteraktig stil,[2] og kan identifiserast ved at det vert nytta barokk-aktige komposisjonsstilar (kontrapunktiske melodiar og mønster med funksjonsharmoniar) og dramatiske eller melankolske fakter.[1] Cembalo vert ofte nytta i denne sjangeren,[5][3] i lag med obo, valthorn og strykekvartettar, som òg er vanlege.[3]

Sjølv om cembalo var blitt nytta på ei rekkje pophittar sidan 1940-åra, byrja somme produsentar i 1960-åra å plassere instrumentet i framgrunnen i arrangementa sine.[5] Dels inspirert av The Beatles-songen «In My Life» (1965), byrja forskjellige grupper å bruke barokkinstrument og klassiske instrument i 1966.[6] Omgrepet «barokkrock» vart nytta i marknadsføringa av The Left Banke, som brukte cembalo og fiolin i arrangementa sine.[7] Eit døme på dette er songen deira «Walk Away Renée» frå 1966.[5][8]

Barokkpop vart mindre populært i 1970-åra etter kvart som punkrock, disco og hardrock tok over, men musikkstilen heldt likevel fram.[8] Philadelphia soul i 1970-åra og kammerpop i 1990-åra var begge inspirert av barokkpop,[2] medan sistnemnde òg bestod av lo-fi-estetikken i musikken på den tida.[9]

  1. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 Hawkins 2015, s. 193.
  2. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 «Baroque pop». AllMusic.
  3. 1 2 3 4 Smith, Steve (29. november 2012). «Steve Smith: Wyman and Taylor join the Rolling Stones onstage; Coldplay takes a break». Pasadena Star-News. Arkivert frå originalen 3. desember 2012.
  4. Jackson 2015, s. 22.
  5. 1 2 3 Guerrieri, Matthew (January 22, 2016). «Via Spector and serendipity, the harpsichord invaded pop». The Boston Globe.
  6. Gendron 2002, pp. 174, 343, various groups using baroque instrumentation in early 1966; Harrington 2002, p. 191, baroque rock inspired by «In My Life»
  7. Unterberger 2014, s. 416.
  8. 1 2 Stanley, Bob (September 21, 2007). «Baroque and a soft place». The Guardian.
  9. «Chamber pop». AllMusic.