The Plateaux of Mirror

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ambient 2: The Plateaux of Mirror
Studioalbum av Harold Budd og Brian Eno
Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve april 1980
Innspelt Grant Avenue Studio, 1979
Sjanger Ambient
Lengd 39:30
Selskap EG Records
Produsent Brian Eno
Kritikk
Harold Budd og Brian Eno-kronologi 
The Pavilion of Dreams
(1978)
Ambient 2: The Plateaux of Mirror The Pearl
(1984)
Brian Eno-kronologi
After the Heat
(1978)
Ambient 2: The Plateaux of Mirror Ambient 3: Day of Radiance
(1980)


Ambient 2: The Plateaux of Mirror er eit album frå 1980 av ambient-musikaren Harold Budd og Brian Eno. Det er den andre lydinstallasjonen i Ambient-serien til Eno, som starta i 1978 med Music for Airports. Dei har liknande plateomslag som syner eit landleg terreng på eit kart.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Eno produserte Budd-albumet The Pavilion of Dreams etter den britiske låtskrivaren Gavin Bryars introduserte paret, som førte til at samarbeidet på dette albumet.

Eno fortalte at Budd improviserte over lydar som Eno sette opp. Hovudsakleg spelar Budd på akustisk piano som er handsama av Eno. Nokre songar er spelte på elektrisk piano. Sidan albumet vart innspelt med analogt utstyr, kan ein høyre suselydar frå lydbanda Eno nytta for dei handsama lydane på fleire av spora.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Brian Eno og Harold Budd, bortsett frå der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«First Light»6:59
2.«Steal Away» (Harold Budd og Eugene Bowen)1:29
3.«The Plateaux of Mirror»4:10
4.«Above Chiangmai»2:49
5.«An Arc of Doves»6:22
6.«Not Yet Remembered»3:50
7.«The Chill Air»2:13
8.«Among Fields of Crystal»3:24
9.«Wind in Lonely Fences»3:57
10.«Failing Light»4:17

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Piano og elektrisk piano: Harold Budd
  • Andre instrument, handsaminga: Brian Eno

Kjelder[endre | endre wikiteksten]